Så er me i gang

 

Ordførar Wenche Tislevoll har opna festivalen og blir utfordra av Sissel Jørgensen til å spøta i samband med at sistnemnde opna spøtaløypa i sentrum. Det klarte ordføraren med glans. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nokre minutt over kl 16.00 kunne ordførar Wenche Tislevoll ønskje velkomen til årets fitjarfestival og invitere til kake og kaffi. Då var det allereie godt med folk i mat-teltet på Sjøsio.

Ordføraren understrekte då og at mat frå Fitjar er ein raud tråd i denne festivalen «når Fitjar blømer», som ho sa.

– Dette er ein happening som skapar «identitet og stolthet», og årets festival trur eg har det største og breiaste programmet nokosinne, med gode tilbod til både små og store. Det heile tjuvstarta på onsdag med sponsortreff, og fortsette med kyrkjekonsert med Trine Rein i går. Eg snakka med Trine Rein  etter konserrten, og ho gav uttrykk for at dette var ei veldig god oppleving og at ho ønskte seg tilbake.

På slutten av innlegget sitt nytta ordføraren høvet til å takka for den frivillige innsatsen, både gjennom heile året, og no spesielt under festivalen. – Utan frivillige, ingen festival, og la oss og takka sponsorane. Det hadde ikkje blitt nokon festival utan dei heller, sa ordførar Wenche Tislevoll, til slutt. Deretter overrekte ho blomar frå kommunen til festivalgeneral Hrafn Thorsteinsson. (Biletet under)

Kaffi og kake til alle i år og.  Damene på biletet serverte. F.v. Jorunn Sørfonn, Grethe Færøy og Brit Padøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

Godt med folk i teltet under opninga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Flinke vakter. F.v. Hannah Oline T. Stokken, Nora Marie Hellesund og Vilde Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt