Ikkje konsertar ved Atle Hansen

Det vert ikkje konsertar i Galleri Losjen ved Atle Hansen under Fitjarfestivalen.

 Fitjarposten har tidlegare skrive at Hansen skal ha to konsertar i Galleri Losjen under festivalen.

– På grunn av ymse omstende ser eg meg nøydd til å trekkja meg frå konsertane i Galleri Losjen under Fitjarfestivalen, seier Atle Hansen.

Han vonar å koma tilbake til Fitjar for å halda konsert ved eit seinare høve.