Trine Rein skein om kapp med sola i Fitjar kyrkje torsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Trine Rein kom med sola!

Trine Rein skein om kapp med sola under kveldens konsert i Fitjar kyrkje, og eit takknemleg publikum visste å setja pris på ein artist frå øvste hylle.

Tradisjonen tru tjuvstarta Fitjarfestivalen torsdag kveld med konsert i kyrkja. Også denne gongen med ein artist av beste merke; Trine Rein stod ikkje noko til atters for dei andre store namna som har gjesta Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen.


Leiar i styret for Fitjarfestivalen, Hrafn Thorsteinsson, smiler lurt idet han ønskjer publikum og artistar velkomne. Foto: Kjetil Rydland.


Fullt hus

Styreleiar i Fitjarfestivalen, Hrafn Thorsteinsson, smilte lurt i skjegget då han såg alt folket som strøymde på i godvêret. Han retta velfortent takk til Eli Simonsen for at ho nok ein gong hadde booka ein folkekjær artist til Fitjar-kyrkja. – For ein start! utbraut han – og fekk mykje å gle seg over i halvannan time, saman med nesten 350 andre tilhøyrarar. Det modne Fitjar-publikummet – ispedd ein og annan stordabu – visste nok kva dei hadde i vente. Og dei gav tydeleg uttrykk for at dei sette pris på kveldens hovudaktør, og musikarane hennar; Eivind Kløverud på trommer, Joachim Røsvik på gitar og Magnus Westgaard på bass.

 

Utstråling og eit sterkt personleg vitnemål

Og den folkekjære artisten skuffa ikkje. Med ei blanding av gospel, country og rock trollbatt ho publikum i halvannan time. Ho gav mykje av seg sjølv, presenterte låtane og batt dei saman på ein sjarmerande måte, som fengde publikum. På programmet stod blant anna gospelprega låtar av Eva Cassidy.
«Wade in the Water» er fin å knipsa til, sa ho, og det engasjerte publikummet var heilt med.

Trine Rein er fødd i San Francisco, og far hennar er amerikanar og bur i California. Ho fortalte ope om tida si i USA, og då ho «rømde heimanfrå» 32 år gamal. På vegen kom ho forbi ei kyrkje, der ho bestemte seg for å gå inn. Preika denne dagen handla om takksemd.

– Eg kom på at eg hadde mykje å takka for, og blei overvelda av ein mektig kjærleik, sa ho.

Ho følte at ho hadde møtt Guds kjærleik, og hadde fått eit fundament i livet. Og ho siterte frå Det gamle testamentet, Josva 1,9: «Jeg har jo sagt deg: Vær modig og sterk! La deg ikke skremme, og mist ikke motet! For Herren din Gud er med deg overalt hvor du går.»

Ho følgde opp det sterke personlege vitnemålet med «Amazing grace». Den varme og inderlege tolkinga lokka fram tårer i mang ein augnekrok i kyrkjebenkene denne magiske kvelden.

 

Gode publikumskritikkar

Kommentarane frå publikum etter konserten var strålande.

– Dette var kjempflott, utbraut tidlegare sokneprest Herman Inge Aadland, og han var ikkje åleine om å vera begeistra.

Kommentarane nedover kyrkjegolvet og ut på kyrkjegarden var overstrøymande. Folk hadde tydelegvis fått ei høgtidsstund som dei vil hugsa lenge. Og det seier ikkje så lite, for fitjarbuen har etter kvart blitt godt van, med store artistar frå fjern og nær. Ikkje minst takka vere temagruppa i Fitjar kyrkje, med Eli Simonsen i spissen.

  


Ingen lyd utan Ivar Hovland, som her får ei velfortent påskjøning av Benedicte Meyer. Foto: Kjetil Rydland.

 


Eli Simonsen med lovord og små souvenirar frå Fitjar til dei langvegsfarande artistane. Foto: Kjetil Rydland.