Fotoutstillinga «OSLO S» i Galleri Losjen

Fredag 12. august  kl 18.00 vert det i samband med Fitjarfestivalen utstillingsopning i Galleri Losjen i Fitjar. Det er Adrian Digernes Særsten si  fotoutstilling  « OSLO S» som vert presentert.

Det er over 250.000 personar som går gjennom Oslo Sentralstasjon kvar dag, og det er av sikkerhetsmessige grunner fotoforbud på stasjonen. 



I samarbeid med serien «Oslo S» på tv-kanalen Max og Oslo Fotokunstskole, fekk Adrian fri tilgang til å fotografera og jobba med eige prosjekt på stasjonen i to veker. 



Adrian har i dette dokumentarprosjektet jobba i retning gatefotografi og har i større grad fokusert på å avbilde menneske og dyr som ikkje er like vane med å vere i rom med så mange mennesker. 

Dette blir Adrian si første separatutstilling

I samband med opninga i morgon ettermiddag vil Marit Digernes lese eigne dikt, og Tiril Einarsdotter skal opptre med sitt magiske filolinspel.

Utstillinga vert offisielt opna av ordførar Wenche Tislevoll. 

Det vert enkel servering.

For meir info om opningstider i Galleri Losjen sjå www.fitjar.kommune.no

Adrian Digernes Særsten. Foto: Privat

(ANNONSE)