Spennande sponsortreff

Festivalgeneral Hrafn Thorsteinsson midt mellom alle som mingla i foajeen i FKIB i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarfestivalen tjuvstarta i går. Med næringsseminar og noko å bite i for sponsorar og frivillige. Og folk møtte opp.

Seminaret, som fann stad i Kultursalen i FKIB, vart innleia med at festivalgeneral Hrafn Thorsteinsson fortalde litt om stoda for årets festival. Ikkje minst var han overvelda av den positive responsen frå dei frivillige, som inklusiv parkeringsvaktar vil nærma seg 100. – Fleire har til og med ringt og tilbode seg å vere med om det er noko dei kan gjere, før me har fått spurt dei. Vidare fortel han at styret har fungert utruleg bra. Og så om programmet:

– Me har eit rikhaldig program, tette i tette med ting som skjer. Nesten for mykje, smilte han, og vona at det er noko for alle. Nytt av året er mellom anna «Ope fitjarmeisterskap i sjakk». Og så er det konsertar, utsøkt mat – og mykje meire til, let det.

Seminar
Under sjølve seminaret var det fleire  innlegg:

«Krisehandtering» ved flyplassjef Jan Morten Myklebust og dr. med. Bjarte Stubhaug frå Klinikk for stressmedisin Fitjar og om lokalt gründerskap ved Johannes Sandvik. 

Det siste har me nett skrive om, og me vil koma tilbake til alt det spennande som skjer rundt Jorunn Hernes og Johannes Sandvik på Kråko i ein seinare artikkel. Men me vil nemna at me allereie har fått meldingar frå folk som vart inspirerte av det han sa.

Her nemner me litt om dei to andre innslaga.

Sterkt 
Flyplassjef Jan Morten Myklebust tok for seg dei to flyulykkane som har funne stad på Stord lufthamn. Den første skjedde 10. oktober 1998. Den andre nesten nøyaktig 8 år seinare, 12. oktober 2006. Tilo saman mista 13 personar livet.

Med filmsnuttar, lydopptak og personlege opplevingar av det heile tok Myklebust oss med gjennom heile prosessen – og delte ope og ærleg dei erfaringane dei sit att med. Ei sterk oppleving.

Jan Morten Myklebust. Foto: Håkon C. Hartvedt

Situasjonar og reaksjonar
Dr. med. Bjarte Stubhaug snakka og om krisehandtering, men på eit meir personleg plan.

– Det handlar om situasjonar og reaksjonar, sa han og forklarte:

– Situasjonane kan vere forskjellige med omsyn til alvor, kor livstrugande dei er, i høve til kva me høyrer og ser – og kor hjelpeløs me vert.

Reaksjonane hos den einskilde kan og vere svært forskjellig. Nokon er meir sensitive, følsame og sårbare enn andre. Og korleis reaksjonane våre vert, heng ofte saman med kor sårbare me er overfor stress.

Meistringsmåtar
– Korleis skal me så takla dette? spurde Stubhaug og sette lys på ein del meistringsmåtar.

– For det første er det viktig å akseptere situasjonen slik han er. Og av og til treng ein hjelp til det, og til å kjenne at ein kan tole det vonde utan at ein går i stykker. Dernest er det viktig å få hjelp til å la det som har skjedd ligge og flytte blikket til det som skjer her og no.

Mange krisesituasjonar er til å leve med, men ein kan trenge hjelp til å skjøne at det går bra og til å forplikte seg til det livet ein no lever, sa Stubhaug, mellom anna.

 

Bjarte Stubhaug. Foto: Håkon C. Hartvedt