Fitjarbuar til hagefest på Slottet

Magnar Kloster med den siste quizboka si. No skal han møte kongen og dronninga. Arkivfoto:FP/HCH

To fitjarbuar har fått invitasjon til å delta på hagefest på Slottet, torsdag 1. september.

Det er Magnar Kloster og Karl Sandvik. Hagefesten skal finne stad i «Dronningparken» frå kl 14.00 – 16.00.

Dei to er plukka ut av Fitjar kommune som har sendt namna vidare til slottet gjennom fylkesmannen. Dei to er så invitert «på befaling» frå kongen sin hoffsjef.

– Dette var kjekt og veldig spennande. Eg fekk brev om dette i byrjinga av juni, så eg har visst det ei stund. Det er stas og veldig spesielt. Eg har vore så nær kongen at eg har kunna teke på han, men eg har aldri helst på kongen og dronninga før, seier Magnar Kloster i ein kommentar. Om han står det i grunngjevinga at han mellom anna har vore lærar i grunnskulen på Fitjar, er svært historieinteressert og ein god formidlar. Vidare at han har laga fleire quizbøker om Fitjar.

Karl Sandvik. Foto:  FP-arkiv/HCH

Om Karl Sandvik står det at han var med og bygde opp Vik & Sandvik Skipsdesign, og at han er ein samfunnsbyggjar som mellom anna har etablert Rossneset Trivselspark, eit stort byggefelt nær sentrum av Fitjar. Ein viktig aktør i Fitjarsamfunnet. 

Det har i skrivande stund ikkje lukkast fitjarposten.no å få kommentar frå Sandvik.