Gjev bort Gloppen-biletet 

Frå overleveringa i dag. Under biletet ser me f.v: Ordførar Wenche Tislevoll, avd. banksjef Ingrid Vestbøstad, kultursjef Bente Bjelland og banksjef Arve Havnerås. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det store biletet i banken med motiv frå Fitjar på byrjinga av 1900-talet blir ikkje borte når Sparebanken Vest legg ned avdelinga si i Fitjar 1. oktober.

Biletet som er måla i akryl og har ein storleik på 500 x120 cm, vart i dag høgtidsamt overlevert til Fitjar kommune med representantar både frå banken og kommunen til stades.

Banksjef Arve Havnerås i Sparebanken Vest synest at det er vemodig at ein må leggje ned «ein institusjon i bygda» som banken. – Men slik er situasjonen blitt, sa han. Men han vonar at det heile vil gå seg til og er glad for at han på vegner av banken kan gje Gloppen-biletet til bygda. 

– Det er jo her det høyrer heime. smiler han.

Svært glade for gåva
Både ordførar og kultursjef er svært glade for gåva.

– Dette set me kjempestor pris på, sa ordførar Wenche Tislevoll under overleveringa. – Me likar ikkje at banken vert lagt ned, men det er svært positivt at me får dette biletet, seier ho, samstundes som ho stadig vil jobbe for å få banktenester tilbake til bygda.

– Fantastisk med biletet, seier kultursjef Bente Bjelland. – Dette betyr mykje for Fitjar, og Karl Gloppen er jo ein av dei lokale kunstnarane folk verkeleg set pris på.

I følgje ordførar og kultursjef vil biletet etter kvart finne sin plass i foajeen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Slik sett vil det truleg bli endå meir tilgjengeleg, både for fitjarbuen og besøkjande i storstova vår.