Bryggeriet «En Liten Øl» på Fitjar er lansert!

Initiativtakarane: Geir Inge Solberg (t.v.) og Johannes Sandvik. Foto: ELØ

Sunnhordlands første håndverksbryggeri har no produsert sitt første øl. Fitjar-ordfører Wenche Tislevoll stod for den offisielle opninga på fredag.

– Det har vore ein utruleg entusiasme og oppslutnad rundt prosjektet. I løpet av tre veker i januar og februar var emisjonen fullteikna. Fredag vart den første flaska klar, laurdag opna ølutsalet og måndag startar bygginga av nytt bryggeri i Port Steingard, fortel styreleiar Geir Inge Solberg.

Visjonen er at En Liten Øl skal bli det mest etterspurde merket i regionen mellom Bergen og Haugesund. Produkta skal kjenneteiknast av høg kvalitet og godt handtverk.

Glad for ny næringsverksemd
– Eg er glad for oppstarten av ny næringsverksemd i kommunen. Ved etableringa av «En Liten Øl» på Kråko skapar vi meir aktivitet, fleire arbeidsplassar og synergier med annan verksemd. Vi blir meir attraktive, og det styrker identiteten vår. No gler vi oss til Fitjar-festivalen neste helg med både mat og øl fra Fitjar, sa Tislevoll under fredagens lanseringsarrangement på Fitjar Fjordhotell.

God mat og god drikke
Fitjar er ein liten kommune med rundt 3000 innbyggere. Kommunen er kjent for god mat. Meisterkokken Geir Skeie, europameister og verdsmeister i kokkekunst, er berømt langt utover regionen sine grenser. Og den årlige Fitjarfestivalen har kortreist mat som eit av sine viktigaste tema og kjenneteikn.  

– No skal vi produsere smakfullt øl som passar saman med mat av god kvalitet. Navnet «En liten øl» signaliserer også litt måtehald. Vi har tenkt at dette skal være kjekt, det skal smake godt og vi skal ha gode opplevingar saman. Vårt brygg skal handle om matkultur, ikkje om å konsumere mest muleg, seier Johannes Sandvik.  

Han har i fleire år arbeidd med utviklinga av eit godt lokalsamfunn på Kråko. Der er det bygt mange hytter dei siste åra, og i hamna Port Steingard er det bygt naust, fiskestover og stolpehus. No kjem det eit nytt bygg med ny restaurant – og altså eit flunkande nytt bryggeri. 

Planlagt i ett år
Det var Johannes Sandvik og Geir Inge Solberg som tok initiativet til å starte eit handverksbryggeri på Fitjar. 

– Kimen til dette begynte for fem-seks år sidan da vi begynte å diskutere framtida til Kråko og Port Steingard. Det passa svært bra då Geir Inge Solberg kom med forslag om å starte mikrobryggeri. Eg såg at det kom til å bli mange utfordringar, spesielt å skaffe eigenkapital. Men Geir Inge er veldig effektiv og flink med økonomi, og etter at vi utvikla ein gjennomtenkt forretningsplan og ein klar strategi, så har mottakinga vore fantastisk, seier Sandvik. 

Det er 65 aksjonærar som eig ein del av det nye bryggeriet. Godt over halvparten bur i kommunene Fitjar eller Stord. Rundt ein fjerdedel av aksjane er eigd av bergensarar som har fritidsbustad på Fitjar. Det er òg nokre aksjonærar frå Stavanger og Oslo.

Stor lokal aktivitet
Fredag var det altså offisiell lansering av bryggeriet. På Fitjar Fjordhotell fikk dei 110 gjestene smake på det første brygget som blei servert til «Fitjarpølse». Laurdag formiddag starta ølutsal på Port Steingard på Kråko, og no startar bygginga av bryggeriet. Før bryggeriet er ferdig vert ølet produsert hos Arendals Bryggeri basert på «En Liten Øl» si oppskrift.

– Dette bryggeriet handlar mykje om Sunnhordland og dei kvalitetane som ein finn her. Det er lokale eigarar, og vår bryggerimeister Øystein Huus kjem frå Sunnhordland. Det er i tillegg oppretta eit eige laug, som uavhengig av produksjonsselskapet vil stå for arrangement og innspill til oss. Her er det store flertallet av medlemmene fra Fitjar og Stord.

– Eg vil gjerne takke Fitjar kommune for positiv haldning til prosjektet vårt, seier styreleiaren, som lovar å arbeide for å få Sunnhordland sitt eige handverksbrygg ut i daglegvarebutikkane i regionen.