Trine Rein på temakveld torsdag

Trine Rein. Pressefoto.

Det nærmar seg Fitjarfestival, og mange spennande arrangement er i vente. Eli Simonsen i temagruppa har sendt oss ei pressemelding om konserten med Trine Rein i kyrkja, torsdag kveld.

Ho skriv:

«Trine Rein er mellom anna kjend som vinnar av NRK sin The Hit 2014 med låten «Story of Life», og ho kom til finaleplass i NRK sin Stjernekamp 2015. Ho har hatt mange konsertar rundt omkring i Noreg etter dette, og no er ho på vegen att med mange godbitar i sekken!

Trine har etter kvart utvikla eit repertoar som kling like godt anten ho spelar i eit kulturhus eller i ei kyrkje. Med ei stemmeprakt som få kan måla seg med, har Trine Rein ei unik evne til å tilpassa seg musikalsk og til å underhalda folk i alle aldrar uansett setting.

Trine Rein er kjend for å by på seg sjølv, og konsertane hennar er ofte innhaldsrike og personlege med ein humoristisk snert som sørgjer for at publikum alltid sit att med ei god oppleving!

Repertoaret denne gongen er eigne hits og gospels, mellom anna  «Wade in the Water», «People get ready», «Amazing Grace», «Lean on me» og «Praise the good Lord».

– Du kan sjå fram til ein flott og variert konsert, skriv Simonsen, til slutt.