Tilbake til røtene

 

Frode Kloster. Arkivfoto: Kjetil Rydland

 

– Med denne jobben er eg på veg tilbake til røtene, seier Frode Kloster. 1. august starta han i ny jobb som ny skogbruksleiar i Sunnhordland og Kvinnherad etter Stig Håland.

Frode er utdanna agronom med skogbruksspesialisering og har også brei erfaring frå praktisk arbeid i skogen. Dei siste 10 åra har han jobba i Tre og Hage AS, og det er i den samanhengen at Kjetil Rydland knipsa biletet ovanfor.

 

Om den nye jobben sier Frode at han gler seg til nye utfordringar, og det skal bli kjekt å få reise litt i distriktet og møte andre som er opptekne av skog.

 

Vestskog SA

Han er tilsett av Vestskog SA, og jobben går ut på å vere eit bindeledd mellom skogeigar og entreprenør. Han kan òg hjelpe til med ungskogspleie, fornying og papirarbeid med meir, i samband med at skogeigar vil ta ut skog.

 

Heimekontor og kontor i Ølen
Kontoradressa til Frode Kloster blir no i Ølen, men han vil òg ha heimekontor. Hovudområdet hans vert Sunnhordland, men òg Kvinnherad, avgrensa mot Varaldsøy.  Mot sør er området hans avgrensa mot Sveio/Vindafjord.

 

– Om kontoradressa er i Ølen, kjem eg ikkje til å sitja der heile dagen. Eg kjem nok til å nytta meg mykje av heimekontoret, og eg flyttar ikkje frå bygda.

Eg har vore lenge nok vekke frå Fitjar, og den nye stillinga endrar ikkje på kor eg vil bu, smiler Frode Kloster, til slutt.