Eigen matematikkplan  for styrking av mattefaget

Skulesjef John Karsten Raunholm med den nye matematikkplanen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ei tverrfagleg gruppe frå Fitjar har laga ein eigen plan for å styrke matematikkfaget og rekning i alle fag i fitjarskulane. Det seier skulesjef  John Karsten Raunholm til fitjarposten.no 

Med i gruppa er lærarar og folk frå PPT, og planen skal takast i bruk allereie skuleåret me no går inn i.

Dei som har utarbeidd planen er: John Karsten Raunholm, Bjørn Haaland, Aina Vestbøstad, Tore Blokhus, Hanne Almås, Rune Longfjeld Rimmereid, Sigfrid Sætervik og Magnar Kloster. 

500 000 friske kroner frå staten
Ei anna sak som skulesjefen er svært godt nøgd med at fitjarskulen har fått 500 000 kroner direkte frå staten til grunnleggjande opplæring.

Desse pengane skal gå til tidleg innsats for å styrkje den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa.

– Dette er noko eg er svært glad for. Det er viktig at ein kjem tidleg i gang med å styrkje det grunnleggjande, og pengane vert såleis brukt på 1. -4. trinnet, seier skulesjefen.

Han fortel vidare at ein del av midlane er eit eingongstilskot. –  Men det er óg varige tilskot i pakka, let han, til slutt.