Ein liten runde

Biletet syner eit nymalt Fitjar Rådhus. Alle ære til kommunen som har fått det gjort. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tid om annan tek fitjarposten.no ein liten fotorunde. Det gjorde me òg i går kveld.

 

LAR-senteret på den gamle Rydlandstomta er forlengst ferdig. Eit flott bygg, synest me. Foto: Håkon C. Hartvedt

Arbeid i gang på «Gartneritomta». Her skal det mellom anna bli seks omsorgsbustadar, inklusiv base for tilsette. Foto: Håkon C. Hartvedt

Flotte båtar til kai ved FMV. Eller som dei sjølv seier «berre gode båtar». Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar sentrum sett frå sjøen i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt