– Gler meg 

Atle Hansen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det seier Atle Hansen som skal ha to konsertar i Galleri Losjen under Fitjarfestivalen. Den første finn stad fredag kveld. Den andre laurdag ettermiddag.

Hansen fortel til fitjarposten.no at han  kjem til å framføra eigne viser og fortelja og lesa litt innimellom.

På spørsmål om korleis han ser på å vere deltakar på Fitjarfestivalen, seier han smilande at det er ikkje kvar dag han får komma til Fitjar for å syngja, så det gler han seg til. 

– Fitjarfestivalen har jo vakse seg stor og omfangsrik og byr på mykje og mangfaldig kultur, så at dei har plass til ein gammal visesongar, set eg jo stor pris på, sjølvsagt, legg han til.

 

– Kva for målgruppe siktar du deg mot?

– Som oftast opptrer eg for skuleborn på mellomtrinnet. Eg reiser land og strand i Den kulturelle skulesekken. Men i Losjen er det vaksne som er målgruppa for både tekstane eg skal lesa og songane eg skal syngja. Vaksne i alle aldrar, sjølv om tekstane mine nok etter kvart ber preg av at det er ei tid sidan eg fylte 20.

 

– Er nokre av visene sjølvskrivne?

– Alle songane er sjølvskrivne, både tekst og musikk. I utgangspunktet. Men viss stemninga er slik og eg plutseleg får lyst til det, så legg eg kan henda inn ei gammal skillingsvise. Som visediktar eg er eg påverka av både skillingsviser, countrymusikk og rock, og det vil heile programmet mitt bera preg av.

– –

– Viss det er lov å nemna det, så kjem eg også til å ha med meg fleire av bøkene mine for sal til ualminnelig gode prisar, seier Atle Hansen, til slutt.