Det norske laget gjer seg klar til vennskapskamp mot resten av verda. Foto: Modgunn Vik,

Fitjarjenter mot verdslaget i Norway Cup

To jenter frå Fitjar fekk æra av å spela for eit samansett norsk lag i vennskapskampen mot eit lag frå heile verda i Norway Cup i dag.

Dei jentene heiter Siren Vik og Mari Hatlevik, og spelar på Fitjar Jenter 14. 


Siren Vik og Mari Hatlevik føre kampen mot verda. Foto: Modgunn Vik. 

Kampen gjekk av stabelen på Ekebergsletta i dag, under fantastiske forhold, kan me lesa på nettsida til Norway Cup. Eit lag samansett av spelarar frå ulike norske lag møtte eit lag med spelarar frå andre deltakarland i denne gigantturneringa. I det fine spelevêret blei det ei minnerik oppleving for dei to jentene frå Fitjar, og det la ingen merkbar dempar på stemninga at verdslaget til slutt vann 2-0

Opplevinga var ikkje mindre minnerik for den store Fitjar-kolonien som er på plass i Oslo under årets Norway Cup. Så vidt me kan hugsa, er det første gongen Fitjar-spelarar har blitt tekne ut til denne kampen.

Frå Fitjar-supporterane på Ekebergsletta får me meldingar om fleire gode resultat i Norway, og me vil koma tilbake med fleire rapportar etter kvart. 


Lagkapten for Fitjar G16, Svein Arne J. Raunholm,  jublar etter 2-0 over Nidelv, og plass i A-sluttspelet. Foto: Sonja Fitjar Waage.