Optimisme trass i tøffe tal

Erik Mortensen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Midtfjellet Vindkraft AS hadde eit kraftig underskot i fjor. Dagleg leiar Erik Mortensen er likevel optimistisk med omsyn til framtida for vindmølleparken.

 Det var etter eit oppslag i Bergens Tidende i går at fitjarposten.no tok kontakt med Mortensen. BT skriv i eit relativt stort oppslag at Midtfjellet Vindkraft hadde eit underskot på 240 millionar kroner i fjor, noko som førte til at ein skreiv ned verdien i selskapet med 167 millionar kroner. Det er også fakta.

Regionsavisa har vidare intervjua analytikar John Brottemsmo i Bergen Energi. Han uttaler at med så låge straumprisar som det har vore, er det ikkje overraskande at Midtfjellet Vindkraft har fått eit kraftig underskot – og han konluderer med at det ikkje er lønsamt å drive med vindkraft slik marknaden er no. Han har heller ikkje tru på at straumprisane vil auke med det første.

God tru
Til dette svarar  Erik Mortensen at han likevel har god tru på utviklinga framover.  

– Ikkje alle analytikarar i bransjen er samde med Brottemsmo, og eigentleg er det ingen som kan sjå sikkert i «glaskula» korleis straumprisane vil bli framover, seier han og fortset:

– Eg vonar og trur at me har gjort dei endringane som skal til for å få snudd drifta til overskot. Me har fått tilført mykje eigenkapital som gjer selskapet meir rusta til å tåle tøffe tider, og det er ikkje sannsynleg at me vil nedskrive verdien meir til neste år, understrekar han.

Overskot i høve til budsjett
Noko av grunnen til at Mortensen kan seie det siste er at vindmølleparken sine rekneskapstal syner eit overskot, i høve til budsjettet, etter første halvår i år.

– Vidare er straumprisane som er forventa i haust høgare enn det me har budsjettert med, heiter det, til slutt.