Godt nøgd

Ronald Hareide. Foto: Håkon C.Hartvedt

Hotelldirektør Ronald Hareide ved Fitjar Fjordhotell er godt nøgd med sesongen så langt.

– Sommarrevyren vart ein knallsuksess i år òg. Bortsett ifrå nokre få uselde bilettar den første fredagen var det fullt hus – og vel så det – på dei andre åtte framsyningane. Allereie første laurdagen måtte me setje  inn ekstra bord, og dei måtte me ha ståande resten av tida revyen stod på plakaten, smiler Hareide.

– Til saman var det rundt 3500 personar som såg revyen, og tilbakemeldingane har vore strålande, legg han til.

Hareide kan òg gle seg over at den vanlege hotelldrifta har gått betre enn ifjor.

– Ikkje det at det er så veldig mykje å skrive i avisa om, men ein auke har det vore, både på catering og søndagsbuffeten, seier han.

Mykje spennande i vente

Hotelldirekitøren kan vidare sjå fram i mot mange spennande arrangement utover seinsommaren og hausten. 

10.-14. august er det duka for Fitjarfestivalen 2016, med mellom anna  ei rekkje konsertar på hotellet. Så er det revyfestival for Vestlandet (les: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) i september og nærmare jul skal Fitjar Fjordhotell markere at dei i år har 30-års-jubileum , og at det er 20 år sidan Ronald Hareide tok over som direktør.

Dette vil fitjarposten.no kome tilbake til etter kvart.