Fitjarfestivalen vil ha spøtet ditt

 

Sissel Jørgensen oppfordrar no alle som kan strikka og hekla til å ta pinnane fatt og bidra til ei spøtaløype under Fitjarfestivalen.

 

– Eg tenkte me kunne laga til noko sentrumsnært, ei turløype, der me plasserer ut handarbeid langs løypa, fortel ei engasjert Sissel Jørgensen, på vegne av Fitjarfestivalen. Ho veit at det er mange rundt om i bygda som er glade i og flinke til denne typen handarbeid, og no ønskjer ho å få inn bidrag frå desse, men også dei som er i ferd med å læra seg kunsten.

 

– Slik som vêret har vore no dei siste dagane er det kanskje noko som allereie sit med strikketøyet framme, spekulerer Jørgensen.

 

Det er ikkje høg terskel for å levera inn arbeid, for det skal danderast på det som måtte by seg av underlag, anten det er på stubbar, steingardar, tre eller anna. På den måten trur Jørgensen at det vert ei oppleving å gå runden, for små og store. Som eit utgangspunkt tenkte Jørgensen at ein kan tenkja dyr eller striper, men eigentleg står ein ganske fritt til korleis ein vil utforma bidraget sitt.

 

Arbeida kan leverast inn i ei korg som står på Spar-butikken i tida fram til festivalen startar.

 

– Og skulle me få inn mange bidrag, kan me berre spøta på lengda på løypa, utbroderer Jørgensen.

 

Dette er korga du skal sjå etter om du har eit spøt å bidra med. Foto: Arne Vestbøstad