Marit Helene Nitter testa ut korleis det var å vera vertskap gjennom Airbnb. Men hunden Prins fekk ikkje vera med på det. Foto: Arne Vestbøstad

 

Testa ut vertsrolla

 

Marit Helene Nitter er ei av dei mange i verda som har opna opp for overnattingsgjester gjennom marknadsplassen Airbnb.

 

Marit Helene Nitter frå Fitjar fortel at det var fleire grunnar til at ho ville prøva dette.

 

– Eg har 180 reisedøger med jobben, og ungane har forlate reiret, så huset står tomt i periodar.

 

Ho hadde høyrt om denne måten å utnytta ein ressurs ho hadde på, nemleg ledig overnattingskapasitet. Etter å ha lese litt om det, bestemte ho seg for å registrera seg som vert på nettsida til Airbnb. Der tok ein forretningsreisande frå Shanghai-kontoret til Wärtsila kontakt. Han skulle ha med seg klientar frå Kina til Fitjar på forretningsreise i juni.

 

– Dei syntest at det var kjekt å sjå korleis det var i ein vanleg norsk heim.

 

All maten hadde dei med seg, og den stilte dei opp på kjøkenbordet, slik at dei åt det dei pleidde, i det som for dei var eksotiske omgjevnadar.

 

Ville vera heilt sikker

Nitter fortel at ho opplevde det som ganske trygt i leiga ut huset på denne måten. Når ho registrerte seg, kunne ho avgjera mange av premissane for gjestene, som kor mange som kan kome, minstetid for opphaldet, kor lang tid på førehand gjestene må melda frå at dei kjem og ein kalender der ein legg inn datoar for når ein ønskjer å ta imot gjester. I tillegg er det lagt til rette for å koma med økonomiske krav dersom noko vert øydelagt under opphaldet, gjennom betalingstenesta PayPal.

 

Ho godkjente sjølv gjestene før dei kom. Då ho såg at han som bestilte var på forretningsmann, kjente ho seg trygg på at dette var ein påliteleg person. I tillegg til at ho funne kontaktpersonen på forretningsnettstaden LinkedIn og sett at dette var ein seriøs person som kom, ordna ho med tilsyn med huset, både av naboar og ein av sønene. Ho sjølv var innom to gonger i løpet av perioden leigetakarane var der. Å vera heime medan huset var leigd ut, var litt uvant.

 

– Det var nesten som å vera gjest i eige hus, innrømmer ho. – Men å ikkje vera tilstades, hadde ikkje gått. Ein kan ikkje ha framme ting ein er redd for, og det har eg jo som alle andre.

 

Ho har berre hatt gjester ein gong, men no har ho i alle fall prøvd dette. Men ho er usikker på kor mykje meir det blir av denne typen vertskap i framtida. Ho fortel at ho har ein god jobb og er mykje ute og reiser, og å leggja på andre å sjå om huset og gjestene ønskjer ho ikkje.

 

Kort om Airbnb

Airbnb starta opp i 2008, i USA, og ønskjer å vera ein marknadsplass der privatpersonar averterer ledige sengeplassar dei har. Airbnb kjem frå «airbed and breakfast», luftmadrass og frukost, og er tenkt som eit rimelegare alternativ til hotell, men høgare standard enn til dømes Couchsurfing, eit nettverk for folk på farten som treng ein plass å slengja seg nedpå for natta. Selskapet er ifølgje nettsida si representert i 191 land, formidlar over 2 millionar overnattingsstader, med meir enn 60 millionar gjester. Litteratur: www.airbnb.no og www.wikipedia.no