– Eit stort sakn å ikkje ha ein båt

 

Konstituert lensmann i Stord, Vidar Nordhus, erkjenner at fram til politiet har eigen båt lokalt, klarar dei ikkje vera tilstades på sjøen og handheva dei reglane som gjeld der.

 

Førre helg såg båteigarar som låg til land i Grønavikjo på Fitjar seg nøydde til å melda frå til politiet at det var mykje uforsvarleg kjøring med småbåtar og vasskuterar rett ved båthamna det. Dei skreiv at minst ein båt hadde problem med å leggja til kai på grunn av bølgjer frå småbåtane og vasskuterane som herja der, og båtar som låg ved bryggja gynga som om dei var midtfjords. I tillegg var det padlarar og saktegåande båtar i området som fort kunne blitt trefte.

 

I forskriftene for vasskuterar heiter det at dei berre kan brukast på sjøen der dei er 400 meter frå land, og på seglasen dit har dei berre lov til å køyra i fem knops fart.

 

Vidar Nordhus, konstituert lensmann ved kontoret på Stord, fortel at dei får tips om uforsvarleg kjøring på sjøen rett som det er, men er då avhengige av å treffa på dei som køyrer for å få gjort noko med det, og det skjer sjeldan.

 

– Me får hjelp av Kystvakta, når dei er i området for å kontrollera fiskereiskapar. Me kontaktar det indre kystoppsynet og spør kor dei er når det er festivalar og slikt nær sjøen i vårt område, og får dei til å hjelpa oss med til dømes farts- og promillekontrollar, og det kostar oss ikkje noko ekstra. Men det er eit stort sakn å ikkje ha ein eigen båt. Me bur i kystkommunar, så me har eit sterkt ønske om å få ein båt her.

 

Nordhus fortel at den næraste politibåten ligg i Bergen, og det kostar pengar å kalla den ut på oppdrag i Sunnhordland, så den blir kontakta når det skjer konkrete hendingar, som ulukker, og ikkje til å vera synlege på sjøen. Den høyrer dessutan til i eit anna politidistrikt. Nordhus fortel at det har vore diskutert å kjøpa inn ein båt til området, men det har så langt ikkje vore pengar nok på budsjetta til det.

 

Med sjø på alle kantar og Langenuen, som er ei travel skipslei både for gods- og persontrafikk, meiner Nordhus at det absolutt hadde vore på sin plass å hatt ein båt parat her i distriktet, om det så berre var ein RIB på ein hengjar.