På pokémonjakt i parken

 

Bruken av Håkonarparken er sikra. Den har nemleg opna ein Pokémon-gym der.

 

 

– Det er tre pokemonar i nærleiken her, fortel Mathilde Tunes og Preben Solli, begge frå Bergen.- No er det sju. Dei kjem og går litt. Men det er mange pokéstops her. Der får du ballar som du skal fanga dei i, fortset dei.

 

Dei har akkurat spasert gjennom Fitjar sentrum, med blikket fest på mobilane sine.

 

Dei fyller litt daudtid med å fange pokémonar i spelet Pokémon GO. Mathilde er på hytta til familien i Fitjarøyane, og har med seg kjærasten Preben. Det er Preben som er den mest drivne av dei, medan Mathilde er relativt fersk. Spelinga skjer ved hjelp av ein app som brukar kamera og GPS-en i smarttelefonen, og så brukar du den til å finna figurane rundt om i geografien. Spelet har mykje merksemd etter at det blei lansert i tidlegare denne månanden.

 

 

– Nei, no må me gå og handla, seier Mathilde. – Eg er ikkje ferdig her enno, prøver Preben seg.