Båt- og fitjarentusiastane Irene, Jone og Sarah Børgesen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Gode dagar i båt

«

Familien Jone, Irene og Sarah Børgesen frå Haugesund ligg ved kai i Fitjar sentrum på femte året, og kunne nesten ikkje hatt det betre.

 

Dei kom fredag, og satsar på å liggja til onsdag. Dei har funne seg ein plass, heilt ute, på utsida av den ytste bryggja, ved innseglinga. Her ligg dei med den 41 fot lange seglbåten sin.

 

– Det einaste me kunne sakna, og det er eit luksusproblem, er vatn heilt ute. Men elles er det ei perfekt hamn for båtturistar. Her er det alt ein treng. Det er dusj, vaskemaskin og butikk heilt i nærleiken, skryt Irene Børgesen. Saman med mannen Jone Fitjar Børgesen og dottera Sarah nyt dei gode dagar som båtturistar.

 

Ein av grunnane til at dei trivst godt her, er at Jone har slekt her, ei tante og søskenborn, som dei vitjar. Sara fortel at det er kjekt å koma hit, og treffa tremenningane sine. Ein annan grunn til å stogga innom Fitjar, er at den ideelle plasseringa, om lag midt mellom Bergen og Haugesund.

 

– Me leiger ut båten ein heil del, med utgangspunkt i Bergen. Når me har desse transportetappane mellom Bergen og Haugesund, er det det greitt å liggja over her, fortel dei. Det er ikkje alltid dei leiger ut båten like mykje, og då likar dei seg godt på ombord. Irene fortel at dei meir eller mindre budde i båten i mellom påska og til fellesferien var over i 2014.

 

– Har de, utanom når de er på besøk hjå slekta, vore rundt i området her?

 

– Nei, det har me ikkje, men det kunne me heilt sikkert gjort, seier Irene. – Når me ligg her, så er det alltid så mykje som skjer, supplerer Jone. – Når det kjem båtar, så er det alltid noko som treng hjelp med eit tau eller noko når dei legg til, utdjupar han. Med mange båtar til kai, spesielt i helgane, kan det bli travelt for den som ønskjer å bidra med hjelpande hender.