Etterlyser vitne til sykkel-ulukke

Politiet etterlyser vitne til sykkelulukke på Vestbøstad torsdag.

I går, torsdag, rundt 15.30 fekk politiet inn ei melding om at ei eldre kvinne på sykkel hadde velta på Vestbøstad. Velten var så alvorleg at ho hamna på sjukehus. I dag, fredag, gjekk politiet ut med ei etterlysing på Twitter etter vitne til denne ulukka. Til Sunnhordland opplyser politiet at kvinna sykla på gang- og sykkelvegen, og politiet mistenkjer ikkje at det ligg noko straffbart bak, men ønskjer kontakt med vitne, slik at dei er heilt sikre på forløpet for ulukka.

Dersom noko har opplysningar rundt dette, kan dei kontakta politiet på telefon 52 86 53 00.