Satsar på eigen gardsmat

Sverre Sæterbø, Margareth Tislevoll og Oddvar de Fine har saman stifta selskapet Fitjar Gardsmat, for å selja kjøtprodukta sine.

Oddvar de Fine og Sverre Sæterbø har lenge selt eige kjøt av gris og angus-fe, men har no funne ut at dei ville slå seg saman og bli ein større og meir stabil aktør på marknaden. Med seg på laget har dei fått Margareth Tislevoll, som førebels ikkje har andre dyr enn ein hund. I staden har ei stor interesse for mat, og er mellom anna med involvert i Slow Food Sunnhordland. Ho er også kokk og lærar ved kokkelinja på Fitjar vidaregåande skule, og kan mellom anna bidra med fagkunnskap, produktutvikling og nettverk. Saman skal dei formidla dei lokale råvarene som dei produserer, hovudsakleg anguskjøt og utover hausten vil det også bli råd å få kjøpt utegris gjennom selskapet.

– Men på sikt kan me selja varer for andre produsentar også, fortel Sverre.

Det er viktig for dei å understreka det kortreiste aspektet ved selskapet. Dei ønskjer til dømes å bruka nynorsk og dei har fått det lokale selskapet Åtgaum til å utforma logoen. Kyrne har beita på Helland og på Sæterbø og Fitjarfjellet, der dei har fått i seg mange typar næring. Det har gått i hassel, ulike urter, lyng, lønn, og det bøane elles måtte by på.

Har tru på produkta
– Dei et også opp høymolen (hummelen), og det er det ikkje mange andre husdyr som gjer, framhevar Sverre. Og bøane til Oddvar stadfestar at det ikkje er ein hummel å sjå, slik det ofte er på beite. Den naturlege dietten skal gjera at kjøtet får ein ekstra god smak. Sverre fortel at han berre gir sine dyr kraftfôr for å halda dei tamme.

– Det er mange som er interesserte i kjøt frå grasfôra dyr, fortel Margareth, og legg til at slikt kjøt har eit høgare innhald av gode næringsstoff, som til dømes ein større del av det sunne feittet omega 3 i høve til omega 6, som er av det usunne feittet.

To av godbitane Oddvar de Fine har i bakhand. Foto: Arne Vestbøstad

Selskapet vart etablert i starten på juni, slik at det formelle skulle vera på plass før ferien. Den største kunden så langt, er utan tvil Fitjarfestivalen, som dei leverer over 300 kilo kjøt til, inklusiv kjøtet til Fitjarpølsa.

Det er ikkje berre Fitjarfestivalen som skal nyta godt av varene frå det nye selskapet. Dei skal ha stand under festivalen, der kven som helst kan kjøpa kjøtet deira. Dette held dei på å planleggja akkurat i desse dagar. Korleis det blir på sikt, er dei enno ikkje sikre på. Så langt er dei å finna på Facebook og Instagram. Men om dei til dømes skal ha eit eige utsal, eller få andre til å selja for seg, og om dei skal skjera og pakka sjølve, er avgjerder dei skal fatta i nær framtid.

Tommel opp frå Erna
Men at dei har gode råvarer, har dei fått tilbakemelding på. Då dei stilte med mat til Erna Solberg, under hennar vitjing i Dåfjorden, gav ho gode tilbakemeldingar på det ho fekk servert. Den som likevel var mest begeistra, var ein av sikkerheitsvaktene, fortel Oddvar.

– Han var reit skikkeleg matmenneske, som var oppteken av denne typen mat. Han meinte å kunne kjenna kva del av dyret som var brukt i burgeren.

Først og fremst er det snakk om å levera storfekjøt, men dei ønskjer på sikt å formidla varer frå andre leverandørar også, og Sverre tenkjer at det ville vore interessant å også levera pinnekjøt gjennom selskapet dei no har etablert.