Nye firma i Fitjar

Så lang i år har Fitjar fått 15 nyregistrerte firma.

Tal frå Brønnøysundregistrene viser at det så langt i år er 15 firma med adresse i Fitjar som står oppført som nyregistreringar. Dei fleste av desse er investeringsselskap, eller konsulenttenester

Selskapa det er snakk om er:

AARDAL EIENDOM AS: Investering i eigedom, oppføring av bygg, samt kjøp og sal av eigedomar. Styreleiar: Torfinn Dalen.

AARSKOG ELEKTRO AS: Elektroinstallasjon og handel, samt investering og anna som står i samband med dette. Styreleiar: Steinar Johan Aarskog.

AGASØSTER FISK AS: Drive fiske, medverke i andre selskap som driv innfor same verksemd, samt alt som høyrer naturleg til dette. Styreleiar: Geir Agasøster.

DUS-T AS: Import og sal av tekstilartiklar og verneutstyr. Styreleiar: Stian Myklebust Helland .

FITJAR GARDSMAT AS: Sal, beabeiding og foredling av gardsmat. Styreleiar: Oddvar de Fine.

FITJAR TAXI AS: Driva transport verksemd med eigne og andre transportmiddel, taxisentral og alt som står i samband med dette. Styreleiar: Knut Ståle Alsaker.

FRANCO AS: Investering i andre selskap, samt kjøp og sal av aksjar, eigedom og produkt som naturleg høyrer saman med dette. Styreleiar: Else Mari Beth Franco Grimen.

IBALANSE AS: Sal av konsulenttenester, samt kjøp og sal av aksjar, eigedom og produkt som høyrer naturleg saman med dette. Styreleiar: Torstein Grimen.

KELUBAI AS: Investering i andre selskap, kjøp og sal av aksjar, samt alt som høyrer naturleg til dette. Styreleiar: Rune Kvilhaugsvik.

SAGO SOLUTIONS AS: Utvikling og produksjon/sal av fiskeri-relatert utstyr og tenester. Styreleiar: Omar Sørvik.

SKUMSNES KUNST OG KULTUR/ KUNSTIVEST.NO: Eigenproduskjon og sal av kunst og kultur. Einskildperson-føretak, innehavar: John Arvid Skumsnes.

SUNNHORDLAND ANTIRUST AS: Antirustbehandling av bilar, landbruksmaskinar og anleggsmaskinar, samt sal av antirustprodukt og liknande. Styreleiar: Arne Martin Tjelmeland.

SØRVIK HOLDING AS: Investeringsselskap. Styreleiar: Omar Sørvik.

TISLE AS: Konsulenttenster innan administrasjon, logistikk, innkjøp og kontrakt, samt forvalting av kapital herunder eigedom. Styreleiar: Torleiv Tislevoll.

WESTVIKEN JOHNNY WESTVIK: Konsulentverksemd innan offshore, skip og byggjebransjen, samt også handelsverksemd som finst tenleg, herunder deltaking i andre firma. Styreleiar: Johnny Westvik.