Eit hundretals hyttenaboar følgjer spent med på endene som seglar med straumen i kanalen ved Port Steingard. Foto: Kjetil Rydland.

Det Store Andeløpet i Kråko

Hyttefolk i Kråko møttest til andeløp på Port Steingard laurdag ettermiddag, og fekk erfara kor viktig det er å studera tabellen over flod og fjære. 

 

Dagens ande-løp var det and-re i rekkja etter urpremieren i fjor sommar. Heller ikkje denne gongen viste vêret seg frå si beste side, men det var i alle høve betre enn i fjor. Rundt 100 hyttefolk, fordelte på 19 lag, stilte opp til fredeleg og humørfylt kappestrid ved kanalen på Port Steingard. Og regnbyene la ingen merkbar dempar på stemninga.

 

Kvart lag var representert med tre ender i løpet, som gjekk langs kanalen. I første runde reiste totalt 57 plastender med straumen under vegen fram mot målet i vestre enden. Arrangør Joakim Jæger hadde sett starten til kl. 14.00; det skulle vera rett tidspunkt med tanke på flod og fjære.

 

Med lett vestleg bris imot var det ei stund usikkert kva veg det bar, men etter kvart nådde dei lette plastendene mål. Også andre runde gjekk bra, sjølv arrangøren såg seg nøydd til å korta ned løypa. Men i finalerunden gjekk det rett gale; det viste seg at straumen hadde snudd, så endene dreiv ikkje vestover mot mål, men i stikk motsett retning!

 

Då var naturlegvis gode råd dyre. I full fart blei mål flytta til motsett ende av kanalen, og det blei kåra ein velfortent vinnar. Komplikasjonane med vind og straum let ikkje til å motet frå arrangøren, som tok vanskane på strak arm. Han fekk god hjelp av dei unge assistentane sine, Mathias og Adrian Larsen Hammer, som hoppa uti det kjølege vatnet og berga endene til lands.

 

Initiativtakar Joakim Jæger fortel at han er glad for at så pass mange stilte opp. Poenget med det uhøgtidelege arrangementet er å treffa naboane for å ha det hyggeleg saman. Den vesle startavgifta går til grillmat og anna godt. Etter at alle endene var berga i land, og vinnarane hadde fått sine velfortente premiar, blei det grillkos i den halvferdige gapahuken som Johannes Sandvik er i ferd med å setja opp. 

 

 


Arrangør Joakim Jæger med to unge assistentar i andeløpet, Mathias og Adrian Larsen Hammer. Foto: Kjetil Rydland.

 


Startskotet går for første runde, Frank Grahl kastar 57 ender i kanalen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Adrian Larsen Hammer hoppa uti det kalde vatnet og berga endene etter målpassering. Foto: Kjetil Rydland.