Slik ser klokka ut, ho var heilt rett då ho blei fotografert i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Saknar du klokka di?

Magne Røed fortel at han fann ei klokke på Tveita i dag. Kan det vera di?

 

Magne Røed fortel at han fann klokka i skogen rett nedanfor parkeringsplassen i Grovene. 

Klokka er ei water resistant Lorus-klokke som går heilt rett. Datoen er feil, men det kan nok vera fordi eigaren ikkja har gidda å oppdatera.

Dersom du meiner denne klokka er di, kan du ta kontakt med Magne Røed på telefon 907 96 718.