Det er ingen ting å seia på bringebæra på Prestbø. No er dei ferd med å bli modne. Foto: Kjetil Rydland.

Bringebæra kjem i neste veke

På Prestbø er bringebæra til Jostein i ferd med å bli modne, og han reknar med å starta plukkinga når det lettar i neste veke.

 

Det er likevel ikkje ein overstrøymande Prestbø-bonde med treffer på i bringebærbuskane. Han har nemleg hatt sjukdom på plantene, og er usikker på kva bringebærframtida vil bringa. 

 

Raud rotròte
Til liks med andre bringebærbønder har han nemleg blitt heimsøkt av sjukdom på plantene sine. Raud rotròte viste seg for første gong nedst i feltet hans for tre-fire år sidan, og så har det utvikla seg veldig fort. Det er ein sopp som går til åtak på rota til bringebærplantene, og er han først komen i jorda, ser det ut til at han spreier over heile åkeren.

Behandlinga som han har gitt plantene etter råd frå landbruksrådgjevinga, har ikkje gitt ønskt resultat. Jostein høyrer til mindretalet, der den vanlege behandlinga ikkje verkar. Dermed er heile bringebærfeltet hans i ferd med å bli øydelagt av denne soppsjukdommen. 


No har ròten spreidd seg til det øvre feltet, og som me ser, er rast nummer 19 (i midten på biletet) snart heilt død. Foto: Kjetil Rydland.

 

Cascade Delighit  ny bringebærsort
No set Jostein sin lit til nokre nye bringebærbuskar som han vil planta ut snart. Dei er av typen Cascade Delight, som er spesielt utvikla for å vera resistent mot raud rotròte. Det er første året produsentane får kjøpt denne nye sorten, seier Jostein. Til hausten ser han om desse plantene klarer seg; ser det bra ut, bestiller han fleire planter og fyller felta med denne nye typen.

 Det står og fell med desse nye plantene om bringebær har ei framtid på Prestbø, seier Jostein.


Bringebærframtida på Prestbø står og fell med desse nye plantene, av typen «Cascade Delight». Foto: Kjetil Rydland.

 

Fyller opp feltet med andre bærbuskar
Til erstatnnig for ein del av dei øydelagde Glen Ample bringebærplantene har Jostein planta morelltre, 500 ripsbuskar og 250 stikkelsbærplanter. Den eine typen stikkelsbær skal vera ekstra barnevennlege, med kiwi-smak. Som kjent er kiwi og stikkelsbær i slekt. Ripsbuskane er av tre slag, Blanka, Rovada og Junifer. Dei skal stå som ein to meter høg hekk, slik at bæra vil vera i høveleg høgd for hausting. Rips held seg lenger enn bringebær, og du har naturlegvis lengre «tidsvindu» for plukkinga, seier Jostein. 


Jostein har erstatta ein del bringebærbuskar med rips, stikkelsbær og morelltre. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Framleis fine, gode bær
Mange av dei gamle Glen Ample-plantene står framleis fint, og bæra er i ferd med å bli modne. Sjølv om avlinga i år blir mindre enn tidlegare år, vil det bli ein god del bær i sommar òg. Jostein minner om at bæra blir akkurat like fine og gode som før, sjølv om buskane slit med røtene sine. Frå neste veke kan han lova fine bringebær. Han reknar med å starta plukkinga så snart regnet lettar over helga. – Mesteparten vil bli selt frå garden heime på Prestbø i år, seier Jostein til slutt. 

 


Onar Westerheim har bier på Prestbø i år og, desse er rolegare og snillare enn dei som har vore der før. Foto: Kjetil Rydland.