Solveig og Turid Fitjar ser fram til å forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland.

Sesongopning i potetåkeren på Fitjargarden

I dag begynte Turid og Solveig Fitjar å ta opp poteter, og i kveld er det vonleg tidlegpoteter å få kjøpt i butikken.

 

Torsdag føremiddag var me oppe ved åkerreina og vitja potetjentene på Fitjargarden. Då hadde nettopp Lars Ove Rimmereid vore bortom med potetopptakaren og snudd opp ned dei første rastene, slik at jentene kunne begynna å plukka poteter. 

Det var tidlegpoteter av typen berber dei begynte å plukka i dag. I tillegg har dei Kerrs Pink og mandelpoteter på den tre mål store potetåkeren sin. Dei fortel at i år er det sjuande året på rad dei har poteter som sommarjobb. Men potettradisjonen på Fitjargarden er naturlegvis mykje lengre. 

Til dagleg er Turid på Ås, ho skal bli sivilagronom på Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU). Faget hennar plantevitskap, som bør vera særs relevant for ein potetbonde frå Fitjar. Solveig har arbeidd eit år på Fitjar Fjordhotell. 

 


Berberpotetene er store og fine. Foto: Kjetil Rydland.

 

Kundane i SPAR-butikken har allereie etterlyst årets fitjarpoteter, seier Solveig. Ho reknar med at det kan vera hyttefolk som er ekstra interesserte i lokal mat frå Fitjar. Det har aldri vore noko problem å få selt ut potetene, etter det me forstår. Etterspørselen er stor, og konkurransen er ikkje så stor for dei driftige jentene på Fitjargarden. 

I tillegg til Spar Fitjar er det Fitjar Fjordhotell som er storkunde. På hotellet tar dei med glede imot småpoteter, blant anna til søndagsbuffeten. I dag er det blitt ein litt dyr luksus, som krev ekstra arbeid å laga til. Så tidene har endra seg; før var det dyra som var storkunde på småpoteter. 

Under Fitjarfestivalen i august plar dei alltid stilla opp med fitjarpoteter. Slik blir det i år òg. Då blir det både små og store fitjarpoteter i pose å få kjøpt. I tillegg vil dei selja bakt potet med fyll. Eit heilt lite måltid, om me hugsar rett frå i fjor …

 


Elghunden Tara har lyst, men ikkje lov. Foto: Kjetil Rydland.