Steinbrotet ligg på rett side av åsen, slik at ikkje støyen plagar naboane. Foto: Kjetil Rydland. 

Steinbrot til felles nytte

I Gjersåsen har Engevik & Tislevoll i år opna eit nytt steinbrot etter avtale med grunneigar Reidar Kloster, som kan sjå fram til eit fint stykke nytt jordbruksland om 15 år.

 

Det nye steinbrotet ligg eit lite stykke inn til høgre frå den nyleg opna vegen til vindmølleparken. Her vil entreprenøren Engevik & Tislevoll knusa steinmasse til eige bruk og kundar i ein periode på 1015 år. I eit område på 15 dekar (15 000 kvadratmeter) vil dei ta ut minst 100 000 kubikkmeter stein. 

 

Vegen fram til området blei bygd i 1993, men har blitt opprusta for å tola tungtrafikk. I krysset med vegen til Midfjellet vil det bli sett opp bom, fortel dagleg leiar Harald Engevik. Steinbrotet er eit anleggsområdet der det ikkje er fri ferdsel, seier han. Harald ser for seg ein bom som går automatisk ned igjen, og dei som skal køyra der, må stå i ro før dei kan opna bommen. Det er sjølvsagt viktig å gjera alt for å unngå farlege situasjonar i krysset med møllevegen.

 

Området i Gjersåsen ligg svært usjenert til, sjølv om det er kort veg til Fitjar sentrum. Det ligg godt skjerma mot innsyn, og terrenget hindrar at støyen frå anleggsarbeidet plagar naboane. Avstanden til næraste busetnad er rundt 300 meter i luftlinje. Grunneigar Reidar Kloster fortel at han ikkje høyrer noko til anleggsarbeidet. 

 


Engevik & Tislevoll har allereie levert rundt 10 000 kubikk stein til Fitjar Mekaniske. Foto: Kjetil Rydland.

 

Etter anleggsperioden vil området bli opparbeid til landbruksareal. Her vil dei nytta røter og mold, seier Harald Engevik. Slik vil grunneigaren få mykje meir produktivt jordbruksland enn før inngrepa starta. Når området er tilbakeført, vil Reidar Kloster får eit viktig tilskot til forproduksjon på garden.

 

Engevik & Tislevoll har gjort liknande ting fleire gonger før. Eit godt døme er steinbrotet ved vegen til Svartasmoget. Her tok dei ut stein hos Lars Rydland i ein 20-årsperiode frå 1994. No er vel 20 dekar i ferd med å blir ferdig stelt åkerland som bonden på Rydland kan overlata til etterkommarane sine. 

 


I Rydlandsskogen er no vel 20 mål åker snart klar til å bli sådd i. Foto: Kjetil Rydland.

 

Grunneigar Reidar Kloster er trygg på at dei vil gjera det like fint som hos Lars Rydland. 

 Så dette blir bra til slutt, seier han. Og meiner prosjektet er ein typisk vinn-vinn-situasjon for begge partar.