Skiltet ved den øvre inngangen til kyrkjegarden har fått ny ramme. Foto: Kjetil Rydland.

No er kulturløypa klar!

I kveld har me sjekka at kulturløypa er klar til bruk; infoskilta har fått nye trerammer, og stien opp til Rimsvarden er blitt rydda.

 

Då me gjekk gjennom kulturlypa saman med dei nye guidane ved jonsoktider, var ikkje kulturløypa i presentabel stand. Stien opp til Rimsvarden var overgrodd, og alle infoskilta var ikkje klare. 

 

 
No er endeleg stien opp til Rimsvarden rydda. Foto: Kjetil Rydland.

 

Men tysdag kveld såg alt mykje betre ut. Buskaset frå bilvegen og opp til Rimsvarden var fjerna. Og skilta var komne på plass, med solide, fine rammer av tre.

 

Både stien og dei flotte trerammene er hovudsakleg éin manns verk. Toralv Røen har snikkarverkstad heime, og han har evne til å sjå kva som må gjerast. Og ikkje minst, evne til å få ting gjort.

 

All honnør til ein handlingens mann!

 


Utsikta frå Rimsvarden bør turistane våre få med seg. Foto: Kjetil Rydland.