Nytt næringsbarometer frå Tveit Regnskap

Tveit Regnskap AS har lansert eit heilt nytt næringsbarometer, går det fram av ei pressemelding frå Jostein Aksdal. Her ønskjer dei å bidra med informasjon om korleis det går med næringslivet i regionen vår.

 

Tveit Regnskap AS rører rekneskap og utfører økonomitenester for 2 500 bedrifter i regionen vår. Denne første utgåva av næringsbarometeret baserer seg på ferske og faktiske tal frå rekneskapen per første tertial i 2016. Dette ser dei som ei sped byrjing, og dei vil etter kvart utvikla næringsbarometeret med bransjeanalysar, geografiske oversikter og ei forventningsundersøking.  

 

Hovudtrekk
Det ferske næringsbarometeret for 1. tertial 2016 viser følgjande hovudtrekk:
• Omsetningsveksten synest å flata ut samtidig som fleire bedrifter opplever nedgang i omsetninga samanlikna med same periode i 2014 og 2015.
• At flere bedrifter opplever sviktande omsetning, ser ut til å gi seg utslag i flere bedrifter med negative driftsresultater. 
• Investeringstakten ser ut til å vera som tidligare år, medan leasingkostnadene flatar ut.

 

Bransjevis fordeling
Dei største bransjane i næringsbarometeret er byggje- og anleggsverksemd (26 %), varehandel (20 %), fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (9 %), overnattings. og serveringsverksemd (8 %) og industri (8%). 

 
Fakta om Næringsbarometeret
Tveit Næringsbarometer tar temperaturen på næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dette er første utgåva av næringsbarometeret som presenterer ferske rekneskapstal for eit representativt utval av bedriftene i regionen. Rapporten vil bli publisert ved kvart tertial og vil på sikt også inkludere spørsmål om bedriftenes forventningar til framtidige investeringar, sysselsetting og omsetning.

I Sunnhordland og Nord-Rogaland er det rundt 2 700 bedrifter med ei omsetning på over 2 millionar kroner (2014). Nærmare 90 prosent av desse bedriftene har ei omsetning på 1-50 mill. kroner. Data i tala som blir presenterte her, er henta frå bedrifter som er kundar i Tveit Regnskap AS med ei årleg omsetning på 2-50 millionar kroner. I vår region utgjer det rundt 2 500 bedrifter, der Tveit har ein andel på 10 prosent (250 bedrifter) som inngår i barometeret. Dette er ein god representativitet samanlikna med tilsvarande andre indeksar.

Her kan du lesa meir om Tveit Næringsbarometer 1. tertial 2016.