Teltet måtte ankrast godt. Vinden var frisk. Foto: Harald Johan Sandvik.

Friluftsgudstenesta vart ein suksess

Trass i vermeldingane vart dagens friluftsgudsteneste i Vistvik ein suksess.

 

I dag var det ei flott friluftsgudsteneste med dåp i Vistvik, på bakkane nede ved sjøen. Rundt 100 små og store tilhøyrarar hadde funne sitjeplassar på stolar og benker då kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen ynskte velkomen til gudsteneste.

 


Kyrkjelydsprest Fríðleif Lydersen preikar. Foto: Harald Johan Sandvik.

 

Det store spørsmålet i løpet av veka var: Vert det opplett på søndag, eller vert det regn? Meldingane var slett ikkje på kyrkjelyden si side, og det stod i utlysinga at gudstenesta vart  i kyrkja dersom veret vart dårleg. Det fekk ein av tilhøyrarane til å tenkja på ei hending for mange år sidan. Då var utlysinga slik: «Friluftsgudsteneste i Færøysund førstkomande søndag kl. 11.00. Dårleg ver i kyrkja.» Det er einaste gongen det har vore meldt om dårleg ver i kyrkja! 

Denne gongen kom det bønesvar når det gjaldt veret! Regnet var borte då folk rigga seg til får å gå til gudsteneste, og bortsett frå eit lite dryss undervegs, var det opplett til alle var heime, men då hølja det ned igjen!

Vertskapet, Bodil og Johannes Nesse, hadde rigga opp telt til prest og alter, og sørgde for stolar og benker til alle. Barnebarnet deira, Jonas Myhre, vart døypt under gudstenesta. Det var ekstra fint å få gjort det «på slekta sin grunn.»

Fridleif preika over teksten frå Markus 12: Det dobbelte kjærleiksbodet. «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Og du skal elska nesten din som deg sjølv.»

Vertskapet fekk tilbakemelding på at dette var kjekt! Her kjem me gjerne tilbake til gudsteneste fleire gonger! 

 


Folk strøymer til. Foto: Harald Johan Sandvik. 

 


Rundt 100 personar var med. Foto: Harald Johan Sandvik.

 


Alteret og dåpsfølgjet. Foto: Harald Johan Sandvik.




Jonas vert døypt. Sjå den solide døypefonten! Foto: Harald Johan Sandvik.