Berre gode folk på Fitjar Mekaniske, f.v. Åsmund Sørfonn, Hugo M. Strand og Oddbjørn Troland. Arkivfoto KR. 

Intensjonsavtale om nyutvikla prosessbåt 

Fitjar Mekaniske Verksted har inngått avtale med Bømlo-reiarlaget Napier om å designa og byggja ein ny prosessbåt, HFMV P37 Napier.

 

 

Dette er eit prosjekt det knyter seg store voner til, går det fram av pressemeldinga frå Fitjar Mekaniske Verksted. Designet av den nye båten har FMV utvikla i tett samarbeid med Heimli Ship Design AS og Bømlo-reiarlaget Napier AS. 

 

Intensjonsavtalen med reiarlaget gjeld design og bygging av 1 + 1 opsjon på prosess-/arbeidsbåt av designet HFMV P37 Napier. Fartøyet har hovuddimensjonar 37.85 x 11.0 x 4.6 meter, og kan frakta om lag 200 tonn bløgga fisk. Fabrikken er plassert i modul på dekk, medan RSW tankar og anlegg er plassert i skroget. Fabrikken er modularisert og kan takast av fartøyet. Då kan det nyttast, som avlusings- og fiskebehandlingsbåt eller som vanleg arbeidsbåt med stor kapasitet. 

 


HFMV P37 Napier – nye steg på rett kurs, illustrasjonsteikning.  

 

Napier AS er et reiarlag på Bømlo som eig og driv «M/S Tauranga», som sidan 2008 har gått som prosessbåt for Marine Harvest. Reiarlaget er einaste aktør i Norge som utfører denne tenesta, medan det på verdsbasis finst 15-20 båtar av dette konseptet. 

 

Prosessbåtkonseptet er kostnadseffektivt og framtidsretta. Fisken blir slakta og bløgga i fabrikk om bord og blir kjølt raskt ned til ønskt kjernetemperatur. I forhold til transport med brønnbåt blir stress og dødelighetsrater hos fisken reduserest, det same blir smittefaren generelt. Prosessbåtmetoden er svært fordelaktig i tilfelle med fisk med redusert helsetilstand pga, sykdom, avlusingsoperasjoner osv. . 

 

Napiers sin forretningsidé med båtane er å visa teknologien fram for mange oppdrettsselskap og operera til dømes med ein båt på fast chart og den andre på kortare / i spot. Båt nummer éin vil vera operasonsklar hausten 2017. 

 

FMV og Heimli har som ambisjon å vera ein komplett leverandør av design og fartøy for oppdrett og fiskeri. Med dette prosessbåtprosjektet tar dei eit viktig steg vidare. Vi deltar på Nor-Fishing messa i august med eigen stand og kan kontaktast for ein prat om HFMV designporteføljen, fiskefartøy, arbeidsbåtar, brønnbåtar, prosessbåtar og skipsbygging.

 

Hugo Strand seier at han har stor tro på dette konseptet. Om det resulterer i byggekontrakt, er målet å produsera alt her heime. 

 

– Men vi kunne gjerne hatt behov for meir innandørs produksjonsplass, seier verftsdirektøren, denne båten blir nærmare 38 meeter lang, og har fabrikk om bord.


Mykje aktivitet på Sveiseneset. «Seihav» og «Normand Reach» ved Fitjar Mekaniske Verksted i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.