Skummel type, men hugs at han er freda. Arkivfoto Fitjarposten/KR.

Hoggormen er freda!

Etter å ha fått klage frå ein sint turgåar som har sett to døde hoggormar i Midtfjellet, minner me igjen om at hoggormen er freda.

Dei to hoggormane hadde heilt sikkert blitt avliva, seier han. Steinen låg like ved sida av den eine ormen, og det gjekk tydeleg fram kva som hadde skjedd.

Lensmannen i Stord, Roald Raunholm, seier til Fitjarposten at dette er miljøkriminalitet som kan straffast med bot.

Før var det vanleg å gå til angrep straks me såg ein hoggorm, men det er ikkje berre gammaldags, det er direkte straffbart.

Me oppmodar derfor turgåarar og andre om å la hoggormen vera i fred.

Meir informasjon om hoggormen finn du til dømes i denne artikkelen i Tidsskrift for Den norske legeforening.