Gamle radioar og misjonsprosjekt

Det Norske Misjonsselskap tek imot radioar som går ut på dato når FM-nettet blir stengt til neste år, skriv Gunnvald Bjotveit. Les pressemeldinga nedanfor.

Ein gong i 2017 vert FM-nettet stengt ned og tusen på tusen FM-radioar vert stille. Kva gjer vi då? Kjøper oss nye Dab-radioar. Og så er vi berga. Men kva gjer vi med dei gamle radioane? Mange vil vel berre verta kasta,

Ikkje kast dei! Det Norske Misjonselskap har ei god løysing. Gje dei til NMS Gjenbruk. Vi tek imot brukte radioar med FM- og kortbølgemottakarar og sender dei vidare til radiostasjonen Radio Sawtu Linjiila i Kamerun. Her vil dei verta delte ut gratis til nokon som treng dei.

Innsamlinga er eit samarbeid  mellom NMS Gjenbruk og Radio Voice of the Gospel i Kamerun. Radio Sawtu Linjiila produserer program på språket fulfulde og sender via kortbølge til heile Vest- og Sentral-Afrika, og via FM-sendarar i Kamerun og Tsjad. Slik kan gamle norske radioar verta brukte i misjonen si teneste.

Vi tek imot slike radioar i butikken vår, NMS Gjenbruk Bremnes. Vi bed om kr. 50,- pr. radio til transport. September/oktober kjem det bil innom butikken vår og tek dei med til Stavanger. Får vi inn apparat som har samleverdi, så vert dei selde i butikken.

Takk for at du vil vera med å gjera ein forskjell for mange i Kamerun.

Gunnvald Bjotveit