Kjetil Rydland, Øyvind Skålevik, Kari B. Rydland og John Karsten Raunholm engasjerer seg sterkt i arbeidet. Foto: Fitjar kommune.

Kartlegg og verdset av friluftsområde i Fitjar

Saman med ei rekkje lokalkjende ressurspersonar er Fitjar kommune godt i gang med å registrera friluftsområde.

På landbruks- og miljøkontoret i kommunen er prosjektleiar Kari B. Rydland i full gang med å kartleggja og verdsetja friluftsområde i Fitjar. Målet er at alle kommunane i Noreg skal ha kartlagt og verdsett dei viktigaste friluftsområda sine innan 2018. I Fitjar er dette arbeidet kome ganske langt, takka vere ein entusiuastisk prosjektleiar og minst like engasjerte ressurspersonar med god lokalkunnskap i dei ulike delane av Fitjar kommune. Vidare har Linn Camilla Fitjar Neergård ved kulturkontoret vore til god hjelp.

Verkemiddel for å sikra høve til friluftsliv
Arbeidet følgjer rettleiar M98-2013 frå Miljdirektoratet. Her går det fram at kartlegging og verdsetjing av friluftsområde er eit viktig kommunalt verkemiddel for å identifisera og ta vare på areal for friluftsliv.

Det blir blant anna vist til overordna mål for den statlege friluftspolitikken:
• Alle skal ha høve til å driva friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.
• Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir tatt vare på.
• Allemannsretten skal holdast i hevd.


Prosjektleiar Kari B. Rydland registrere opplysningane digitalt etter kvart. Foto: Kjetil Rydland.
 

Lokalkjende ressurspersonar
Kari B. Rydland fortel til Fitjarposten ho har hatt særleg god hjelp av Annar Westerheim, som er Fitjar kommune sin mann i Friluftsrådet Vest. Han har god lokalkunnskap i området rundt Dåfjorden, men har òg vore med og funne fram til ressurspersonar som kjenner andre delar av kommunen. Saman med lokalkjende folk har prosjektleiaren registrert og teikna inn på kartet friluftsområde som kan vera av interesse.

Digitaliserte opplysningar til planarbeid
Så har eksternt konsulentfirma digitalisert kartet, før ressurspersonane har blitt kalte inn på nytt til vidare arbeid.
 Me digitaliserer verdifastsetjinga sjølve, eg synest det er artig at Fitjar kommune får lov til å gjera det, seier prosjektleiaren, i andre kommunar er det vanleg å registrera opplysninga på excel-ark, som konsulentfirmaet digitaliserer etterpå.
I det siste har det vore hektisk aktivitet med å verdsetja dei ulike områda. Det er den viktigaste delen av jobben, seier Kari B. Rydland. Kvart område får status høvesvis som A svært viktig, B viktig og C registrert friluftslivsområde.

Dei digitaliserte dataa blir lagra i nasjonal database hos Miljødirektoratet. Her kan dei hentast ut av kommunane og andre, og blant anna bli eit viktig verktøy for kommunen og innbyggjarane i samband med framtidig planarbeid.

Det er viktig at dette arbeidet blir gjort mest mogleg likt i heile landet. Derfor har prosjektleiar Rydland hatt god kommuniokasjon med andre, for å finna ut korleis dei tenkjer i andre kommuner. Fitjar kommune er allereie over halvvegs i arbeidet, og ligg langt framfor mange andre kommunar.

Ho reknar med å ha ferdig kartet med framlegg til verdifastsetjing før neste møte i utval for plan og miljø. Det er i september, og etter behandling der blir det sendt ut på høyring.