FMV bygg 218 «Niklas» på Fitjarvikjo. Foto: Jan Thore Josdal, FMV. 

Nytt fartøy levert frå Fitjar Mekaniske

På Sveiseneset ligg dei ikkje på latsida, og i førre veke leverte dei ei ny, flott skute.

 

Det er innkjøpar Jan Thore Josdal som melder dette til Fitjarposten. 22. juni blei FMV bygg 218 «NIKLAS» overlevert til Finnsnes Dykk & Anleggservice AS.

 


Foto: Jan Thore Josdal, FMV. 
 
FMV bryt nye grenser

Bygget er den største båten som er kontrahert og levert av FMV i arbeidsbåtsegmentet mot oppdretts- og servicenæringa. Båten tilhøyrer den såkalla «Isdahl-klassen».

– Med dette prosjektet har vi brote nye grenser, og me har innlemma design og bygging av enskrogs arbeidsbåter i porteføljen vår, seier Josdal.

«NIKLAS»  har topp moderne fasilitetar, og er utstyrt med dekksmaskineri dimensjonert for å meistra tunge og utfordrende arbeidsoppgåver. Båten er utstyrt med dieselelektrisk framdrift for å maksimalt kunne utnytte straum om bord, både til framdrift og til arbeid med dekksutstyr. Det har vore høg prioritet på navigasjons- og kommunikasjonsutstyr i installasjonen.

Båten har bl.a. posisjoneringsanlegg, flere kartsystem for å kunna betjena alle kundegrupper. I tillegg, er båten utstyrt med multistrålelodd og straumlogg for kartlegging av botnforhold.
 


Foto: Jan Thore Josdal, FMV. 

Liker lokal verdiskapning.

Skroget er bygt heime i Norge frå første sveis. På grunn av høg aktivitet på Fitjar har FMV måtta leiga produksjonslokale i Uskedalen til å byggja skroget. Skroget ble bygt i seksjonar og sett saman i Uskedalen. Vidare ble båten måla før han blei slept til Fitjar for utrusting og ferdigstilling.
 
Finnsnes Dykk & Anleggservice AS

FDA er lokalisert i Finnsnes, og driv med dykking og alt av undervassarbeid. Kundekretsen inkluderer blant anna maskinentreprenørar, kraftlag, kystverk og kommunar i Nordland, Troms og Finnmark.

Firmaet ble starta i 2002 av Keneth Larsen. Han har arbeidd med yrkesdykking sidan 1989, og har dermed lang fartstid i bransjen. FDA har i dag 19 tilsette, men kjem i løpet av august opp i 25 tilsette. Dei supplerer også med folk frå samarbeidspartnarar ved behov.

FDA har fire andre båter til disposisjon i tillegg til «NIKLAS», som er det siste og det største tilskotet i flåten.