Open kyrkje i sommar

Frå kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen har me fått ei pressemelding om at Fitjar kyrkje er open på dagtid i sommar.

Pressemeldinga frå kyrkjelydspresten kan du lesa her:

«I sommar er Fitjar kyrkje open på kvardagar kl. 09.00-15.00.

Du kan stikke innom for å ha ei stille stund eller sjå den vakre kyrkja på innsida.

Den vakre altertavla er noko av det fyrste du får sjå når du kjem inn i kyrkjerommet. Du får sjå Jesus på krossen. Han som har gjeve sitt liv for deg og meg.

I våpenhuset ligg det ein protokoll du kan skriva deg inn i, dato og namn. Vi set stor pris på om du skriv i den.»