Simonsen fekk sølv i NM

Fitjarbuen Stein Helge Simonsen fekk i dag sølvmedalje i sykkelrittet NM Masters tempo i sin klasse.

Simonsen, som representerer Stord Sykleklubb, kom på tredjeplass, og var berre seks sekund bak vinnaren av klassen M40-44, Grant Carruthers.

Etter som vinnaren ikkje er norsk statsborgar, kunne han ikkje få gullmedalje, og dermed rykte Simonsen opp til sølvplassen, går det fram av heimesida til Stord Sykleklubb.

I klassen M35-39 kom fitjarbuen Torleif Solli på ein fin femteplass. Også han representerer Stord SK.

Master NM i sykling blir avvikla på Nesodden utanfor Oslo, arrangør er Torshov Sykkelklubb.

Frå gode kjelder får me opplyst at dei køyrer fellesstart i morgon, i ei litt anna løype på Nesodden. Me vonar å koma tilbake med endå betre meldingar då.

Resultatlistene finn du her.