Ordføraren klipper snora, omkransa av rådmann Atle Tornes, dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft Erik Mortensen, leiar i Fitjar fjellsameige Harald Rydland og konsulent Johannes Sandvik. Foto: Kjetil Rydland. 

Vegen til Olstjødno opna

Torsdag ettermiddag var det høgtideleg opning av vegen frå Rimbareid til Olstjødno.

Ordførar Wenche Tislevoll gjekk frå det eine høgtidelege høvet til det andre i går, og innleidde opningsseremonien på ettermiddagen med følgjande kommentar:
– Dette er nesten større enn å ha statsministeren på besøk!
Noko som naturlegvis vekte jubel hos eit hundretals frammøtte.

Med på opningshøgtida var kulturprisvinnar Fitjar Skulekorps, forsterka med ein del vaksne musikantar frå Fitjar Musikklag. På menyen denne gongen hadde korpset typisk nok «King of the Road». Det andre kulturelle innslaget stod Sigrid Fangel for. Diktet ho hadde valt kunne vel ikkje ha høvd betre: Din veg av Olav H. Hauge.

Vegen frå Rimbareid blei bygd for å frakta vindmøller opp til Midtfjellet, eit arbeid som tok til hausten 2011. Vegen har heile tida vore sperra med bom, men blitt brukt flittig av friluftsinteresserte.  Og det har lege i lufta at det kunne bli aktuelt å opna vegen frå Rimbareid til Olstjødno for fri ferdsel.

Men ein del hindringar måtte ryddast av vegen først. I konsesjonen til Midtfjellet Vindkraft sette NVE som vilkår at vegen skulle vera sperra med bom ved fylkesveg 545, og det blei nedfelt i reguleringsplanen for Fitjar kommune.

I opningstalen sin drog Wenche Tislevoll linjene tilbake til hausten 2011, då ho tok over som ordførar. Ho blei invitert til idédugnad med denne overskrifta; ”Kva kan me gjera for å skapa aktivitet i fjellet?” Med på dette arbeidet var frivillige organisasjonar i Fitjar, grunneigarane, Fitjar kommune, Midtfjellet Vindkraft og Fitjar fjellsameige. I juli 2012 munna arbeidet ut i ein tiltaksplan som blant anna skisserte kva som måtte til for å få vegen opna. Konsulent for arbeidet var Johannes Sandvik.

Ordføraren trekte fram samarbeidsånda som rådde i dette arbeidet. – Hadde ikkje alle drege i same retning, hadde me aldri fått dette til, sa ho. Eit vilkår for å få vegen opna var blant anna at han blei asfaltert, noko som kosta rundt 2 millionar. Midtfjellet Vindkraft har teke halvparten av denne kostnaden, medan den resterande millionen blir delt 50/50 mellom Fitjar kommune og Fitjar fjellsameige.

Etter at snora var klipt, nytta dei fleste frammøtte høvet til å køyra den nye vegen. Om lag 30 bilar blei med i kortesjen dei 2,6 km opp til Olstjødno.


Kristian Vestbøstad, Asbjørn Raunholm og Svein Olav Raunholm spelar «King of the Road». Foto: Kjetil Rydland. 


Den første bilen køyrer gjennom bommen etter at vegener opna. Foto: Kjetil Rydland. 

 
No blir denne utsikta tilgjengeleg for fleire. Foto: Kjetil Rydland.