Annar Westerheim med den nye hjartestartaren han har skaffa Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland.

Ny hjartestartar i Dåfjorden

På Dåfjorden Slipp møtte me i dag ein fornøgd Annar Westerheim, som kunne visa fram ein ny hjartestartar han har fått frå If Trygghetsfond.

Annar Westerheim er ein travel mann, som får gjort meir enn dei fleste. Innimellom statsministerbesøk i Dåfjorden og vegopning på Rimbareid rakk han i dag å ta imot ein ny hjartestar til Dåfjorden Velforening.

Då me snakkar med han på verven i dag, kjem han rett frå gapahuken ved turstien mellom Sælevik skule og Fiskaneset. Der har det vore høgtideleg overrekking av ein ny hjartestartar som Dåfjorden Velforening har fått av if Trygghetsfond. Forsikringsrådgivar Samuel Scholz frå if stod for overleveringa, med glade dåfjordingar og besøk frå Sæ barnehage på Stord som publikum. 

Annar fortel at det var ein annan aktiv mann i krinsen, Toralv Røen, som kom med ideen på årsmøtet i Dåfjorden Velforening. Søknadsjobben på internett er det Annar som har stått for. Først nådde han ikkje opp, men i mai i år var han heldig og fekk tilslag. 

Hjartestartaren vil bli plassert på verven, slik at han blir mest mogleg tilgjengeleg. Det er allereie folk i området som har kompetanse på å bruka han, men dei legg opp til å kursa fleire. Annar seier det vil koma oppslag på Sælevik skule med namn og telefonnummer til folk som kan kontaktast om det blir bruk for den nye livbergaren i Dåfjorden.