Tårnet i Storhaugen med antenna for Radio Fitjar.

Radio Fitjar på lufta att

 

Onsdag ettermiddag var antenna for Radio Fitjar på plass i tårnet på Storhaugen, og sendingene er starta opp att. 

 

Det er Ole Haukeland i lokalradioen som melder dette til Fitjarposten.

Sendingane går lokalt på FM 105.9 MHz. Det er for tida mykje snakk om FM-bandet som skal stengjast av, og DAB skal overta.

 

– Radio Fitjar har nett fått beskjed om at konsesjonen vår er forlengd med 5 år, og vi vil fortsetja sendingane slik fleire mindre radioar utanom dei store byane vil gjera, seier Ole Haukeland.

 

Dermed er det god von om at sendingane frå lokalradioen ikkje vil dabba av på lenge.