Rektor Sigbjørn Aarland er full av lovord over arbeidet til Kjersti Lundal og dei andre foreldra. Foto: Kjetil Rydland.

Pussar opp biblioteket i Øvrebygda på dugnad

Denne veka har ivrige foreldre ved Øvrebygda skule vore travelt opptekne med å pussa opp biblioteket på skulen.

Rektor Sigbjørn Aarland ved Øvrebygda skule er imponert over jobben som foreldra gjer for skulen. 
– Det viser at skulen betyr ein del for dei, at dei står på for skulen sin, seier han til Fitjarposten, medan han ser med ovundring på jobben som Kjersti Lundal gjer.

Sistnemnde er åleine på dugnad då me kjem innom torsdag føremiddag. Sjølv har ho tre born som går på Øvrebygda skule.

Det er FAU under leiing av Sigurd André Maraas som har teke på seg den store oppussingsjobben. Fitjar kommune held måling og utstyr, medan foreldra gjer arbeidet på dugnad. Sjølv er FAU-leiaren på veg heim frå reisejobb på Aukra torsdag kveld. Organiseringa av dugnadslister og andre praktiske detaljar er det Mette Haldorsen som har teke seg av. 

FAU-leiaren seier han er på plass på dugnad i morgon føremiddag. Planen var å bli ferdig med jobben fredag ettermiddag, men jobben blei nok større enn dei trudde. Biblioteket er rømmingsveg, og det krev ekstra brannsikring. Derfor blir det fire lag med brannmåling oppå to lag med grunning, og oppå der igjen blir det to tippstrøk. 

Sigurd legg til at det er god plass til eventuelle andre frivillige på dugnaden i morgon.


I skrivande stund er FAU-leiaren i denne Widerøe-maskinen, på veg heim frå Molde til dugnad på Øvrebygda skule.