Glade gutar med diplom på fotballskulen i dag. Foto: Ane Synnøv Haaland Olsen.

TINE Fotballskule

Tradisjonen tru har fotballgruppa i Fitjar Idrettslag skipa til fotballskule i byrjinga av skuleferien, for 15. året på rad.

 I tre dagar har 119 born frå 6 til 13 år vore på Tine Fotballskule i regi av Fitjar idrettslag, fotballgruppa.


Sonja Fitjar Waage i arrangementskomiteen konstaterer at dei unge instruktørane som vanleg gjer ein god jobb i fotballskulen. Foto: Ane Synnøv Haaland Olsen.

20 ungdommar frå klubben har vore instruktørar ute på banen til ei kvar tid. Dei vaksne leiarane melder om travle og kjekke dagar der ballspel og leik har vore i sentrum.

Ein har nytta ballbingen i Rossneset og leikeparken der i tillegg til kunstgrasbana og grasbana i Fitjar Idrettspark.

Den siste dagen vart borna delt på ulike lag. Dei yngste årsklassane vart gjort om til norske eliteserielag og spelte ei fartsfylt turnering mot kvarandre på grasbanen.  Dei eldste spelarane fekk rollene til dei landslaga som er att i EM, dei hadde si turnering på kunstgrasbanen.

Me kan melda at Island også i denne turneringa leverte, og at dei spelte 4-4 mot Frankrike. Laget som vart mestvinnande av landslaga i vår EM turnering var Italia. Tida vil vise om dette var ein treffande spådom eller ikkje. 


Blide instruktørar, Amalie Henriksen t.v. og Kari Lambach Fitjar. Foto: Ane Synnøv Haaland Olsen.