I løpet av den siste veka har dei gamle drivhusa blitt fjerna. Foto: Kjetil Rydland.

Gartneritunet blir eit godt bumiljø!

– Me ser for oss at dette skal bli eit godt burettslag å bu i, seier Geir Tore Søreide til Fitjarposten.

Han er blant initiativtakarane til prosjektet som me kan sjå er i gang der Sverre Aarskog dreiv gartneri frå 1948 og i mange år framover. Dei siste dagane har dei store drivhusa blitt rivne ned, og eit landemerke nær Fitjar sentrum er blitt borte.

Innflytting tidleg i 2017
Ikkje så lenge etter nyår skal det stå fem innflyttingsklare bustader på gartneritomta. Søreide fortel at tomta er regulert med 10 vertikaldelte einebustader a 75 kvadratmeter. Det er dei fem første som skal førast opp i første byggjesteget, medan dei fem siste skal seljast på den opne marknaden. Geir Tore Søreide meiner desse er lette å selja, sentralt som dei ligg nær Fitjar sentrum. Det er Karmøy-firmaet Grunnaleite & Lindstrøm prosjektservice AS som har hovudansvaret. Dei har kontrakt på å levera nøkkelferdige bustader tidleg i 2017.

Geir Tore Søreide har vore leiar for ei foreldregruppe som talar saka til de fem som allereie har kjøpt hus her. Han fortel at dei først prøvde å få til eit bustadprosjekt i Stord kommune, men dei fann etter kvart ut at det var lettare å få det til i Fitjar. Samarbeidet med Fitjar kommune har vore godt, og prosjektet går sin gang.

Vi halda fram gartneritradisjonen
Fitjar kommune arbeider med midlar til ein gangsti langs Fitjarelva frå Fitjar kultur- og idrettsbygg. Bilveg er lagt inn på reguleringsplanen der bilvegen er i dag. I tillegg til dei 10 bustadene vil det bli bygt ei kommunal leilegheit som Fitjar kommune skal yta tenester ut frå. Søreide ser òg for seg at det vil bli bygt eit lite drivhus der bebuarane kan dyrka agurk og tomatar. Det vil vera ekstra kjekt om dei kan halda i hevd tradisjonen med å selja grønsaker på torget; det er framleis mange som har handla med både Sverre Aarskog og sønene Agnar og Stein Arild.

Positivt å få renovert gartneritomta
Det er sistnemnde som dreiv gartneria vidare, i 11 år, etter at faren døydde i 1990. Det er han som har selt tomta, og han ser berre fordelar med dette prosjektet. Han er glad for å få tomta rydda, og ser fram til å få rolege naboar med lite biltrafikk.

Som pådrivarar er Geir Tore Søreide og Evy Skogedal overtydde om at det blir eit godt bumiljø. I tillegg synest Søreide at det er eit godt høve til å få renovert den gamle gartneritomta. Kostnadene med rydding er rekna inn i  totalsummen for prosjektet. No gler son deira seg stort til å flytta inn i nytt hus ein gong på nyåret.

 


Slik såg gartneriet ut i 1990, det året Sverre Aarskog døydde, og sonen Stein Arild overtok drifta. I bakgrunnen ser me Fitjar Idrettsplass, grusbanen.

 

esteroides anabolizantes