Kommunestyret gav i sist veke uttale til skulebruksplan for Hordaland fylkeskommune.

Fitjar vidaregåande skule

Tre år etter at Fitjar vidaregåande skule vart berga frå nedlegging, kjem det ny sak frå fylket med liste over skular som kan verta lagt ned, mellom dei er skulen på Fitjar.

Ordførar Wenche Tislevoll streka under at dette er den viktigaste saka på lenge. Me må ikkje missa 300 elevplassar og 50 tilsette! No må politikarane samla seg og jobba mot fylkeskommunen! Sunnhordland står samla i saka!

Arne Prestbø, H, Grete Marit Veka Maraas, Sp, Agnar Aarskog, Ap, Vigdis Røen Leirvik, Ap, og Harald Rydland, KrF, støtta sterkt opp om saka, og alle har kontakt med sine partikollegaer på fylkesplan.

Uttalen til skulebruksplan vart samrøystes vedteken. Den lyder slik: 
    
«1. Fitjar kommune reagerer sterkt på framlegget om at Fitjar vidaregåande skule kan bli lagt ned frå 2022 dersom alternativ 1 i framlegget til Skulebruksplan for 2017–2030 vert gjennomført. Dette vil få dramatiske konsekvensar både for Fitjar kommune og Sunnhordlandregionen.

2. Noverande plan legg opp til ein heilt urealistisk auke av elevplassar. Dagens elevopptak ved skulane vil dekka etterspørselen i regionen slik den no kan framskrivast.

3. Fitjar vidaregåande skule merkjer seg ut i høve til hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland. Dei skorar høgt på læringsutbyte og fullføring. 100 % av elevane får lærlingkontrakt og desse er svært ettertrakta i arbeidsmarknaden. Ved å vidareføra Fitjar vidaregåande skule vil ein ta vare på eit kompetansemiljø og eit tilbod til elevane som ut frå kvalitetsmessige kriterier står fram som svært tenleg og framtidsretta.

4. Fitjar kommune viser til at fylkeskommunen er ein viktig distriktspolitisk aktør og skulebruksplanen må gjenspegla det.

5. Kommunestyret viser elles til vurderingane ovanfor.»