Ailin Vik viser stolt fram pokal og T-skjorte som prov på at ho har kvalifisert seg til lansdsfinalen i bilcross på Gol. Foto: Kjetil Rydland.

Ailin til landsfinalen i bilcross!

Ailin Vik kom seg til A-finalen i juniorklassen under 2-dagarcrossen i Vikedal denne helga, og dermed er ho kvalifisert for landsfinalen på Gol. 

16-årige Alin gjorde det klart best av Fitjar-førarane som tok turen til Vikedal denne helga. Løpet i Vikedal gjaldt som kvalifisering til landsfinalen i bilcross på Gol 31. juli, og med 5.-plass i A-finalen i dag sikra ho seg den prestisjefylte billetten. Dette er ein prestasjon som heng ganske høgt; det er ikkje kvart år nokon frå Fitjar kjem gjennom dette nålauga.

Dette var det tredje offisielle løpet Ailin nokon gong har køyrt, og ho er naturleg nok stolt og glad over prestasjonen. Men ho kom slett ikkje til A-finalen utan hindringar undervegs. I innleiingsomgangane i går oppnådde ho først ein andreplass, så kom ho ikkje til mål i neste, og etter ein fjerdeplass vann ho endeleg den fjerde og siste innleiingsomgange i går. I dagens omgangar måtte ho nøya seg med to fjerdeplassar. I den siste var drivakselen knekt, og ho måtte klora seg til mål som best ho kunne. 

Etter desse vanskane måtte ho nøya seg med C-finalen, som ho vann etter å ha starta i første spor. Dermed blei det 6. spor i B-finalen, men til slutt vann ho også den. Dermed var ho kvalifisert for A-finalen, og for landsfinalen i bilcross! Etter å ha snurra rundt i første sving i A-finalen kom ho seg etter kvart i mål på ein flott 5.-plass, i konkurranse med 25 andre skarpskodde juniorar.

For dei andre Fitjar-førarane blei ikkje 2-dagarscrossen nokon stor suksess. Dermed stakk Ailin òg av med ein lokal premiepott som beste førar frå Fitjar. Ikkje så reint lite prestisje var knytt til denne prestasjonen. Pengane er øyremerkte til landsfinalen, seier kollega Håvard Helland, som ikkje nådde heilt opp denne gongen. I tillegg fekk Ailin 500 kr som klubben delte ut av budpengane. Dermed blei det på alle måter ei god helg for unge Ailin Vik.

Pengane kjem sikkert vel med når ho skal til Gol og delta i landsfinalen 31. juli. Då får Ailin det travelt, for ho skal vera med på Norway Cup i Oslo. Men landsfinalen skal ho få med seg, så ho må nok slutta seg til laget i Oslo eit par dagar etter dei andre. Me ønskjer god tur, og gratulerer med ein flott prestasjon.