Sunniva Tveita frå Fitjar helsar på dronning Sonja i Bergen i går. Foto: Privat. 

Sunniva helsar på dronning Sonja

Sunniva Tveita er ein av dei ni fitjarbuane som fekk helsa på dei kongelege i Bergen i går i samband Kongeparet si markering av 25 år på trona.

 

Saman med Ole Bergesen, Jorunn Hernes, Armelyn Mehammer, Vigdis Aarre Olsen, Toralv Røen, Runar Søreide Skogedal, Anna-Bodil Hestenes Tislevoll og ordførar Wenche Tislevoll reiste Sunniva til Bergen i går for å vera med på hageparty på Gamlehaugen.

Nokon lang samtale med dei kongelege blei det ikkje høve til for 18 år gamle Sunniva. Men ho fekk helsa både på kongen, dronninga og kronprinsparet, og dei var kjekke å snakka med, seier ho.

Sunniva Tveita er elev ved Bømlo vidaregåande skule, på linja for service og samferdsel