Maren Rydland, søstrene Alma og Siren Brekke, og Gurid Refvik gjorde stor lykke som forsongarar. Foto: Kjetil Rydland. 

Songfuglar i Moahagen song for orgelet

Over 200 songfuglar i alle aldrar var med og song til inntekt for det nye kyrkjeorgelet i Moahagen laurdag kveld.

Frå Sparebanken Vest kom Ingrid Vestbøstad med heile 100 000 blanke kroner til det nye kyrkjeorgelet i Fitjar. Noko som sjølvsagt gjorde Nils Ingmar Hageberg blank i augo. Han er nemleg formann i innsamlingskomiteen for det nye kyrkjeorgelet. Men også dei vel 200 andre, i alderen 2 til 90 år, bidrog kvar på sin måte til å få det nye kyrkjeorgelet i hamn.

Gurid Refvik gjorde som vanleg ein flott jobb som forsongar, saman med Martin Hatlevik og ungjentene Maren Rydland og Alma og Siren Brekke. Som vanleg godt akkompagnert av Fitjar ad hoc ensemble, med Heine B. Helland på bass, Steinar Vik på trommer, Ole Christin Ottestad på saksofon, Harald Rydland på trekkspel, og kapellmeister Svein Tørnquist. 

Vanleg kan ein knapt seia om innsatsen til gutane bak Neserevyen, John Arvid og Kristian Skumsnes. Dei opptredde som ei blanding av konferansierar og standupkomikarar. Med gode kommentarar som vekte stor jubel hos det songglade publikumet. Låtten ville ingen ende ta etter at John Arvid hadde spela Å ver hjå meg på euphonium, til akkompagnement av Kristian på motorsag!

Velfortente lovord hagla over dei flinke musikantane som gav songfuglar ei hyggestund i godvêret i Moahagen. John Arvid Skumsnes takka alle medhjelparane bak arrangementet, blant andre Odd Sverre Larsen, Fitjar Bygdekvinnelag og grillkongane Tore Sigurd Fitjar og Terje Aleksandersen. 


Formannen i innsamlingskomiteen for kyrkjeorgelet, Nils Ingmar Hageberg, takkar Ingrid Vestbøstad for den store gåva frå Sparebanken Vest. Foto: Kjetil Rydland.


Anne Marie Fitjar Martinsen t.h. har slekt på Reino og kom heilt frå Gran på Hadeland for å vera med på songstunda i Moahagen. Søskenbarnet Rasmus Fitjar, midt på biletet, kan smila etter at han fekk kjøpt den finaste pipa i det nye orgelet på kyrkjepipeauksjonen i går. Foto: Kjetil Rydland.


Kristian og John Arvid Skumsnes lukkast meir med sprø humor enn med vakker musikk. Foto: Kjetil Rydland.  


Ingen tvil om at humoren til gutane frå Neserevyen slo an. Foto: Kjetil Rydland. 


Kantor Jan Overweg prøver å finna ei høveleg orgelpipe til Martin Hatlevik. Foto: Kjetil Rydland. 


Jenter som slo seg lause på bommen i Moahagen, i spreidd orden ser me Nelly Børtveit, Helene Børtveit, Siren Brekke, Alma Brekke og Elena Leth Helgaland. Foto: Kjetil Rydland.