Flott comeback av Jan Åge Tislevoll, som berga eitt poeng for Fitjar på overtid. Foto: Kjetil Rydland.

Berga eitt poeng på overtid

Fitjar berga eitt poeng mot serieleiar Bremnes i fredagens toppkamp i 5. divisjon fotball, etter at Jan Åge Tislevoll utlikna til 4-4 nesten tre minutt på overtid.

Dermed blei det eit alle tiders comeback for Jan Åge, som har vore ute med korsbandsskade i over eit år. Eigentleg skulle han ikkje spelt denne kampen heller, men etter ein vellukka test hos fysioterapeuten fredag morgon melde Jan Åge seg til teneste for trenar Kjell Træet. Det stod 1-3 ved pause, då Jan Åge entra banen, og 10 minutt seinare såg Bremnes ut til å avgjera kampen då dei gjekk opp til 4-1 på straffe. Då syntest alt håp å vera ute for våte og slitne Fitjar-gutar, men desto kjekkare var det å komma tilbake i kampen og utlikna tre minutt på overtid!

Sterke serieleiarar frå Bremnes
Det var dei gjestande serieleiarane som kom best i gang på den våte grasmatta i Fitjar Idrettspark denne fredags ettermiddagen. Heimespelarane verka merkeleg avventande, endå dei visste at dei hadde det beste laget i 5. divisjon på besøk. Allereie etter knapt sju minutts spel låg ballen i Fitjar-buret. Eit litt unødvendig frispark blei lagt på hovudet til Guttorm Kallevåg, som heada nydeleg bakover og opp i vinkelen, utakbart for keeper Oddgeir Træet. Litt svak markering av Fitjar-forsvaret, men når ein slik mann er i form, er han flink å skaffa seg det albogerommet han treng.

Bremnes heldt på initiativet i kampen, og hadde fleire fine sjansar, blant anna eit skot i stolpen frå kort hald. Men også Fitjar hadde sine sjansar på det glatte føret, og utlikna ved Jonas Tislevoll vel 25 minutt ut i omgangen. Han fekk tak i ein retur på femmeteren, etter eit godt angrep der Øyvind Fykse Lie hadde blitt spelt fint fri.

Men gleda over utlikninga skulle ikkje vara lenge. På slutten av første omgang scora Bremnes to fine mål. Først ei ny scoring ved Torbjørn Kallevåg, som fekk litt for god plass, snudde og skaut velplassert frå 20 meters hald. 3-1-målet kom kort etter, då Erlend Nino Morlandstø kom stormande inn i feltet og knuste eit fint innlegg frå venstresida kontant i nettet.

Kven skulle tru at Fitjar kunne berga poeng i denne kampen? Erlend Meling Nesse (15) og Torbjørn Kallevåg (17) gratulerer målscorar Erlend Nino Morlandstø med det flotte 1-3-målet. Foto: Kjetil Rydland.

På dette tidspunktet var det nok berre dei mest optimistiske som såg for seg poeng i regnet på Fitjar. Og vona blei endå mindre då Bremnes gjekk opp til 4-1 på straffespark 10 minutt ut i andre omgang. 

Fitjar-gutane skjerpa seg  
Men dette var ikkje dagen då Fitjar hadde tenkt å gi opp. I staden for å sleppa seg nedpå, slik me har sett fleire gonger tidlegare i år, skjerpa dei seg kraftig, og leverte noko av det beste spelet me har sett på heimebane i år. Spesielt når me tenkjer på underlaget, og at dei møtte det klart beste laget i puljen. Til stor jubel reduserte Thomas V. Waage til 2-4 og Kjell André Thorland til 3-4 i løpet av ein periode på tre minutt. Dermed var det fullt liv i kampen igjen!

Fitjar spelte med innsats og pågangsmot, og dagens Fitjar-spelar, Helge Træet, gjekk føre med eit godt eksempel og vann alle duellane. Andre omgang blei jamspelt, og begge lag hadde store målsjansar. Mot slutten av kampen gjekk lufta litt ut av heimelaget, og me såg for oss at dei skulle gå tomhendte av banen. Bremnes var farleg gjennom fleire gonger, og berre flaks berga Fitjar-forsvaret.

Strålande comeback
Fitjar-trenar Kjell Træet gambla litt då han sette inn Jan Åge Tislevoll ved pause. Etter eit år på sidelinja viste den allsidige ovbygdaren at han framleis har fotball i sinn og skinn. Han markerte seg frå første stund med god rørsle, evne til å halda på ballen og utfordra sterke motstandarar. Men det skulle gå over 45 minutt før scoringa kom.

Dommaren hadde lagt til tre minutt, og håpet var i ferd med å slokna i regnet då det stod att rundt 30 sekund. Keeper Oddgeir Træet spelte ut ballen, som etter kvart hamna hos Øyvind Fykse Lie. Midtbaneeleganten såg ein godt plassert Jan Åge, og tredde ballen mellom beina til ein Bremnes-forsvarar.  Dagens comebak-kid hadde ingen problem med å knusa ballen i mål, bak ein god gjestekeeper, Morten Sæverud. Verken medspelarar eller heimepublikum kunne tru det dei såg, og jubelen ville ingen ende ta!

 
Jan Åge Tislevoll viste at han ikkje har gløymt å scora, og heller ikkje å feira mål! Her i sentrum for feiringa av utlikningsmålet på overtid. Foto: Kjetil Rydland

Heldig poeng
Fitjar-trenar Kjell Træet vedgår at dei var litt heldige som berga uavgjort mot serieleiaren. Bremnes er det beste laget i puljen, men det var sjølvsagt veldig kjekt å berga eitt poeng, spesielt med tanke på korleis kampen utvikla seg.

Med dagens poeng ligg Fitjar på ein fin fjerdeplass tabellen i 5. divisjon, berre fem poeng bak leiarlaget Bremnes. Medan avstanden til botnlaga byrjar å bli stor. No er det sommarferie, og neste heimekamp er ikkje før 28. august mot Stord 2. 


Unge Marius Storebø kom inn etter pausen, og greidde seg bra mot Torbjørn Kallevåg, den vanskelegaste mannen som er å  treffa på dette nivået. Foto: Kjetil Rydland

 


Heller ikkje denne gongen fekk dommar Karl Inge Nymark til nokon god kommunikasjon med spelarane. Foto: Kjetil Rydland.

 

KAMPFAKTA:
Fitjar – Bremnes 4-4 (1-3)
Seriekamp 5. divisjon Hordaland avd. 03
Fitjar Idrettspark, fredag 24. juni kl. 18.30
Publikum: 120
Dommar: Karl Åge Nymark, Bjoa IL

Mål: 0-1 Guttorm Kallevåg (7.), 1-1 Jonas Tislevoll (26.), 1-2 Guttorm Kallevåg (38.), 1-3 Erlend Nino Morlandstø (41.), 1-4 Andreas Agasøster (56.), 2-4 Thomas Vestbøstad Waage (59.), 3-4 Kjell André Thorland (62.), Jan Åge Tislevoll (93.)

Gult kort: Arild Fitjar Waage (38.) og André Helland (57.)

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Badi Hurasi (Daniel Skarpnes 88.), Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, André «Mini» Helland, Helge Myrmel Træet (kaptein), Arild Fitjar Waage (Marius Helland Storebø 46.), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Jonas Tislevoll (Jan Åge Tislevoll 46.), Thomas Vestbøstad Waage